Vlasina (serbisk Власина) er ei elv søraust i Serbia med ei lengd på 68 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre, og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.
Vlasina spring ut frå Vlasinasjøen i ei høgd på 1213 meter over havet. Innsjøen var tidlegare ei torvmyr,m en då Vlasina vart demd opp i perioden 1947 til 1951 vart myra gjort om til ein kunstig innsjø. Vlasina munnar ut i Južna Morava aust for Leskovac.
Vlasina drenerer eit område på 1050 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.
Etter ein perioden med kraftig regn den 26. juni 1988 oppstod det ein katastrofal flaum i Vlasina. Eit område på over 1000 km² vart råka og det vart gjort skadar for om lag 1 milliard dollar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vlasina River» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Serbia