Bendix Joachim Ebbell () var ein norsk forfattar fødd i Christiania.
Ebbell skreiv ungdomsbøker som Vi på løkken (1900), Gutter som blev mænd (1911), Veien mot nord (1925) og De som drog ut (1925). Han skreiv òg lystspelet Menneskebørn som blei oppført på Nationaltheatret i 1908. Ebbell bidrog òg med nokre delar av Grimstad bys historie (1928).
Bendix Ebbell var gift med forfattaren Clara Thue Ebbell.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bendix Joachim Ebbell» frå , den 21. mars 2009.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Ebbell på NBdigital
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå Oslo