«Hang Fire» er ein song av the Rolling Stones frå albumet Tattoo You frå 1981.

Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og er ein rask, livleg song i rock and roll-stil, med skarp, satirisk tekst retta mot den økonomiske nedgangen i England gjennom 1970-åra.

Songen er eit nakent blikk på det engelske samfunnet på denne tida, der arbeidsløysa var høg og skattane auka. Teksten nemner ein arbeidslaus arbeidarklassemann som heller vil vedde på hestar enn å prøve å gifte seg inn i overklassen, som var den einaste måten å kome seg fram i det engelske samfunnet på.

Dette er ein av få politiske songar Rolling Stones spelte inn, og vart heller ikkje gjeven ut som singel i England, berre i Nord-Amerika.

«Hang Fire» vart skriven og spelt inn under innspelinga av Some Girls i Paris i 1977-1978. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå Tattoo You, og vart ein radiohit i USA, der han òg nådde 20. plass på singellista.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hang Fire» frå , den 25. mars 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Musikkvideoar regisserte av Michael Lindsay-Hogg Kategori:Gov't Mule-songar