Sandnes kyrkje står på Masfjordnes i Masfjorden kommune i Vestland fylke, og er ei tømra langkyrkje frå 1845.
Kyrkja er teikna av residerande kapellan Eiler Hagerup Holtermann. Han støtta seg til typeteikningane til arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow i arbeidet.
Kyrkja er soknekyrkje i Sandnes sokn i Nordhordland prosti. Dagens kyrkje er truleg den tredje på staden. Den fyrste kyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart truleg erstatta av ei tømra kyrkje på 1600-talet. Gamlekyrkja vart riven i samband med bygginga av den noverande kyrkja. Grunnen til at dei bygde ny kyrkje var at den gamle var vorten for lita.
Kjelder
Norges Kirker: «Sandnes kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Bakgrunnsstoff Om Sandnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Alf Strand: Sandnes kyrkje på nettstaden til Masfjorden kommune Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Masfjorden kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Masfjorden Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1840-åra Kategori:Kulturminne i Masfjorden