Hosanger kyrkje står i Hosanger i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei mura langkyrkje frå 1796.
Det har vore kyrkje i Hosanger sidan mellomalderen. Fyrste gongen Hosanger-kyrkja er nemnd i kjeldene er frå 1329. Dette var mest truleg ei stavkyrkje som på eit ukjent tidspunkt vart erstatta av ei lafta kyrkje. Om den andre kyrkja veit ein at ho ein rapport frå 1686 vert omtala som «meget Brøstfeldig» på grunn av dårleg utvendig vedlikehald, noko som tyder på at kyrkja då allereie var relativt gamal. På fyrste joledag 1795 slo lynet ned i kyrkja og ho brann ned. Den nye kyrkja vart reist i mur på same staden året etter.
Kyrkja er soknekyrkje i Hosanger sokn i Åsane prosti. Hosanger var tidlegare eige prestegjeld. Fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 tilhøyrde kyrkja Osterøy prestegjeld.
Kjelder Hosanger kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Hosanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Osterøy kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Osterøy Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Steinkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Kulturminne i Osterøy Kategori:Valkyrkjer i 1814