«For Your Love» er ein song skriven av det framtidige 10cc-medlemmet Graham Gouldman og framført av The Yardbirds i 1965. Dei gav songen ut på singel og han nådde tredjeplass i Storbritannia og sjetteplass i USA, som var den høgaste plasseringa dei oppnådde der.
Songen har òg vorte spelt av Herman's Hermits, Fleetwood Mac, Humble Pie, The Greg Kihn Band, Nils Lofgren, Chilly og Graham Gouldman sjølv.
Gouldman skreiv songen då han 19 år gammal arbeidde i ein klesbutikk nær Salford Docks og om kveldane spelte med det halvprofesjonelle Manchester-bandet The Mockingbirds.
Han sa bandet bad han skrive songar for dei fordi dei ikkje klarte å finne nye songar å spele. Inspirert av The Beatles tenkte han at kanskje dette var noko han også kunne klare. Han skreiv to songar, men plateselskapet likte berre den eine. Den andre var «For Your Love», som til slutt hamna hos the Yardbirds.Graham Gouldman intervjua på «I Write the Songs», BBC Radio Wales, 25. desember 2006
Gouldman sin manager, Harvey Lisberg, var så imponert over songen at han sa til Gouldman dei burde gje han til The Beatles. Lisberg høyrte ikkje på han og tok ein demo med seg til forleggaren Ronnie Beck, som tok han vidare til Hammersmith Odeon, der the Beatles skulle spele. Tilfeldigvis spelte The Yardbirds på same konsert, og Beck spelte songen for manageren deira Giorgio Gomelsky og bandet.
I 1965 var The Mockingbirds fast innslag som oppvarming for Top of the Pops, som var sendt frå Manchester.«Q Rock Stars Encyclopedia» av Dafydd Rees og Luke Crampton, Dorling Kindersley, 1999 Gouldman fortalte: «Det var ei rar hending då The Yardbirds dukka opp på showet og spelte 'For Your Love'. Alle samla seg rundt dei og der stod eg i ei anonym gruppe. Eg kjende meg rar den kvelden då eg høyrte dei spele min song.»
Trass i suksessen «For Your Love» gav The Yardbirds, førte han til at gitarist Eric Clapton, slutta i bandet, som ein protest på den nye poporienterte retninga bandet hadde tatt. Clapton vart då med i John Mayall & the Bluesbreakers.
Salslister Liste (1965)PlasseringUK Singles (The Official Charts Company)3UK Singles (NME)1Canada Singles (RPM)1US Billboard Hot 1006Ireland Irish Singles Chart10
Kjelder Denne artikkelen bygger på «For Your Love» frå , den 2. april 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar frå 1965 Kategori:The Yardbirds-songar Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar skrivne av Graham Gouldman Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Columbia Graphophone Company-singlar Kategori:Herman's Hermits-songar Kategori:Gary Lewis & the Playboys-songar Kategori:Nils Lofgren-songar Kategori:Humble Pie-songar Kategori:Four Tops-songar