Timo Simonlatser () er ein estisk langrennsløpar som har styrken sin i sprint. Han bur i Tamsalu og representerer skiklubben Skiclub Tamsalu AO.

Simonlatser debuterte i verdscupen i sesongen 2005/06 på sprinten i Otepää. Han tok dei fyrste verdscuppoenga sine ved å verte nummer 18 på sprinten i Kuusamo ein sesong seinare. Simonlatser deltok på sprinten under VM i 2007 og 2009, og han fekk høvesvis 24. og 39. plass.

Den beste sesongen hans i verdscupen samanlagt var sesongen 2006/07, då han vart nummer 82 samanlagt og nummer 38 i sprintcupen. Dei beste enkeltresultata i verdscupen er to tolvteplassar på sprinten i Otepää i sesongen 2007/08 og sprinten i Düsseldorf i sesongen 2008/09. I tillegg har han ein sjuandeplass på sprinten i Praha frå Tour de Ski 2007/08 (biletet).

Bakgrunnsstoff Resultatoversikt hjå FIS (engelsk) Resultatoversikt hjå Det estiske skiforbundet (engelsk)

Kategori:Estiske langrennsløparar Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Folk frå Rakvere