Ants Lepson () er ein norsk-estisk kunstmålar og tidlegare sjømann, busett i Arendal.

Bakgrunn Lepson er fødd i Estland i 1934. Familien flykta til Sverige og deretter til USA etter den andre verdskrigen. Han mønstra på eit norsk skip, og var statslaus i sju år, før han fekk norsk statsborgarskap. Lepson er utdanna skipskaptein, og har ført fleire norske seglskip, mellom andre fullriggaren «Sørlandet». Han har også vore kaptein på «Skibladner» på Mjøsa.

Virke Lepson er kjend som målar av maritime motiv. Han er busett i uthamna Sandvika på Hisøy i Arendal, og har eit atelier i Arendal sentrum. I meir enn 20 år har Lepson vore målar, men han har inga formell utdanning som kunstnar, og kallar seg sjølv for «marinemålar». Motiva hans er henta frå det maritime miljøet, og det er særleg seglskuter som er motiv. Som gammal sjømann er Lepson oppteken av at alle detaljane på bileta hans skal vere rette. Spesielt bilete av slaveskipet «Fredensborg» har gjort han kjend. Lepson sine bilete er i dag svært ettertrakta.

Kategori:Estiske biletkunstnarar Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Norske målarar Kategori:Norske sjømenn Kategori:Estiske sjømenn