Veøy er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta som Veøy formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1965 vart det meste av Veøy slegen saman med kommunane Eid, Grytten, Hen og Voll til den nye Rauma kommune. Ved samanslåinga hadde denne delen av Veøy 1 400 innbyggjarar.
Sekken, Veøya og Nesjestranda i Veøy vart samtidig overført til Molde kommune. I desse tre krinsane var det ved samanslåinga 756 innbyggjarar.
Veøya, som ligg sentralt i Romsdalsfjorden der mange fjordarmar møtest, var den første «byen» i Romsdal, og sentrum for handel med vidare i vikingtida og mellomalderen. Veøy gamle kyrkje er frå omkring 1200, den nye Veøy kyrkje står på Sølsnes, på fastlandet.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Veøy kommune frå 1900 til 1964: 1900"Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010 1910 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Veøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 2445 2459 2414 2191 2369 2400 2239 2156 Kjelder
Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964 Kategori:Historie i Molde Kategori:Historie i Rauma