Poprad (tysk Deutschendorf) er ein by nord i Slovakia ved foten av Høge Tatrafjella. Han er den største byen i regionen Spiš og den tiande største i heile Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar. Poprad er hovudsete i distriktet Poprad okres i regionen Prešov kraj.

Byen har eit historisk sentrum og ved byen ligg den internasjonale Poprad-Tatry lufthamn. Byen er òg første stasjon på Tatranská elektrická železnica-jernbanen.

Historie Historisk var området opphavleg busett av slavarar, men tyskarar koloniserte området på 1200-talet, og Poprad vart i hovudsak ein tysk by. Frå 1412 til 1770 vart byen og Szepes fylke pantelånt til Polen, og Polen var delvis ansvarleg for utviklinga der.

Poprad vart første gong nemnd i skriftlege kjelder frå 1256, og i 690 år, fram til 1946 var han berre ein av fleire nabobyar som i dag utgjer den moderne byen. Dei andre delane av byen er Matejovce, Spišská Sobota, Veľká og Stráže pod Tatrami.

I 1999 søkte Poprad om å vere vertskap til vinter-OL 2006, men tapte for Torino i Italia.

Innbyggjarar

Folketalet ved dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Poprad 56 157 52 862 49 855

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Poprad» frå , den 14. april 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Prešov kraj Kategori:Kommunar i Poprad okres Kategori:Spiš