Johannes Andreas Martin Heggland () var ein norsk forfattar frå Tysnes i Hordaland. Han debuterte som forfattar i 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet.
Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfatterskapen er løna med ei rad prisar. Barnebøkene Folket i dei kvite båtane og Den forfylgde er òg dramatisert som høyrespel for NRK Lørdagsbarnetimen.
Heggland var ordførar i Tysnes (1956–59) og (1968-71), fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske Forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ei lengre periode Statens Kunstnerstipend.
15. juni 2005 vart det kunngjort frå slottet at Johannes Heggland var utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.
Verkliste Folk under fjell – roman (1941) Den vegville ætt – roman (1943) Guds åkerland – roman (1943) Ein mann åtte ein vingard – roman (1945) Manns blod – roman (1946) Eit anna land – roman (1948) Menneskebrunnen – roman (1949) Den dyre lov – roman (1950) Gard – roman (1951) Du er den fyrste – novellesamling (1952) Kvinnfolkgarden – roman (1955) Dagen før domedag – roman (1961) Folket i dei kvite båtane – barnebok ([962) Bronsesverdet – barnebok (1963) Skutelsveinen – barnebok (1964) Den heilage øya – barnebok (1965) Syskenlaget – barnebok (1966) Vegen til den turre kjelda – roman (1966) Fregattar i fjorden – barnebok (1967) Ferda mot sør – barnebok (1968) - dei spela gullterning – novellesamling (1968) Gabriel – roman (1969) I kongens klede – barnebok (1969) Sølvdenaren – barnebok (1970) Den forfylgde – barnebok (1970) Munkestrien – barnebok (1971) Rusdøler – roman (1971) Selja frå Salmeli – barnebok (1972) Ferda til Bjørgvin – barnebok (1973) Den kvite guden – barnebok (1973) På vidvanke – barnebok (1974) Sira Dagbjørn – barnebok (1975) Til framande strender – barnebok (1976) Det pantsette landet – barnebok (1977) Høgmessesundagen – roman (1977) Brevet til Kongen – barnebok (1978) Jøkul-sonen – barnebok (1979) Synder – roman (1980) Brødet frå havet - Ana Gyria – roman (1981) Brødet frå havet - Born av støv – roman (1982) Brødet frå havet - Svartesjøen – roman (1983) Brødet frå havet - Ljosken frå paradis – roman (1984) Seglet og vinden - Syllfest – roman (1985) Seglet og vinden - I syndefallets tegn – roman (1986) Seglet og vinden - Gullkalven – roman (1987) Rømlingen – barnebok (1988) Meisterens søner – roman (1988) Guds husfolk – roman (1989) Karjana – roman (1990) Lyhamar – roman (1991) Det stutte livet – roman (1992) Retten til meg – barnebok (1993) Jordparadiset. Kunnskapstreet – roman (1994) Jordparadiset. Vårherres nedfallsfrukt – roman (1995) Sjå kor dei elskar kvarandre – roman (1997) Den unge kongen – barnebok (1999) Det saltlause saltet – roman (1999) Tusen vårar I. Sigrid Jonsdotter – roman (2001) Tusen vårar II. Himmelstigen – roman (2002) Tusen vårar IIl. Gud skifter andlet – roman (2003) Det forunderlege – barnebok (2003) Tusen vårar IV. Ingibjørg – roman (2004) Tusen vårar V. Oppkoma – roman (2006) Tusen vårar VI. Vårherres urtegard – roman (2008)
Drama Det store valet 1953 Herborg 1975 Kongsgildet på Ogvaldsnes 1981 Mostraspelet: Kristkongane på Moster 1984 Amerikafeber 1986 Vetespelet 1994 Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson 1995 Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen 1997 Spel om Magnus Erlingsson 1999 Zetlitzspelet 2000 Syng elvestraum 2006
Prisar og utmerkingar Gyldendals legat 1961 Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1962, for Folket i dei kvite båtane Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1963, for Bronsesverdet Sunnmørsprisen 1963, for Bronsesverdet Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1964, for Skutelsveinen Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 1965. Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1966, for Syskenlaget Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1970, for Den forfølgde Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur 1972, for Selja frå Salmeli Melsom-prisen 1972 Nynorsk litteraturpris 1988, for Meisterens søner Doblougprisen 1990 Emmausprisen 2001 Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden 2005
Kjelder Avisa Tysnes om utnemninga til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden Nettsida til det norske kongehuset om utnemninga til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden Bergens Tidende om utnemninga til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden Minneord i Bergens Tidende Johannes Heggland (1919 - 2008) - Ein blogg-bibliografi
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Ordførarar i Tysnes Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Folk frå Tysnes Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1941 Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Målfolk Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris