Kongedømet Portugal var Portugal som monarki frå 1139 til 1910. Kongedømet låg vest på Den iberiske halvøya og vart erstatta av Den første portugisiske republikken etter det portugisiske kongenmordet i 1908 og 5. oktober-revolusjonen i 1910.

Opphav og slutt

Det andre portugisiske grevskapet (1093-1139) var etterfølgjar etter Det første portugisiske grevskapet (868-1071), og vart ein kongedøme den 26. juli 1139 då Afonso I var erklært konge av Portugal.

I 1908 vart kong Karl av Portugal myrda i Lisboa. Det portugisiske monarkiet varte fram til 5. oktober 1910, då ein revolusjon styrta monarkiet og Portugal vart ein republikk. Dette førte til ein 16 år lang kamp for å oppretthalde parlamentarisk demokrati.

Det portugisiske imperiet

Gjennom historia bygde Kongedømet Portugal det som vart kjend som Det portugisiske imperiet frå 1415. Dette viste tradisjonelt til dei store koloniane dei hadde. Den største var Brasil (oppretta i 1500 og vart eit sjølvstendig land i 1822). Resten av riket kom inn under Republikken Portugal fram til seint på 1900-talet, då dei siste oversjøiske territoriet til Portugal vart slepte fri (mellom andre Portugisisk Afrika, som inkluderte Angola og Mosambik, i 1975, og til slutt Macau i 1999).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kingdom of Portugal» frå , den 19. april 2009.

Kategori:Portugisisk historie Portugal