Uranienborg kyrkje, plassert på Uranienborghøgda i stroket Uranienborg bak Slottet i Oslo, vart vigsla den 22. desember 1886, då med 1 020 sitteplassar.
Bygget er gjeve eit nøkternt nygotisk preg og er utsmykka med glasmåleri av kunstnaren Emanuel Vigeland.
I 1930 fekk interiøret den noverande utforminga si av arkitekt Arnstein Arneberg.
Kulturminne Uranienborg kyrkje er eit kulturminne og har nummer 85728 i Riksantikvarens kulturminnebase.
Kategori:Arnstein Arneberg Kategori:Balthazar Conrad Lange Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Kyrkjer i Oslo Domprosti Kategori:Kulturminne i Oslo