mini|RS 5 «Liv», den første av det Colin Archer kalla ei ideell redningsskøyte. Skøyta berga 132 menneske frå den visse død i løpet av si tenesteperiode frå 1894 til 1932. Redningsselskapet, opphavleg Norsk Selskap til Skibbrudnes Redning, er ein norsk humanitær medlemsorganisasjon med målsetjing om å redde liv, drive førebyggjande arbeid og berge verdiar på sjøen. Visjonen til Redningsselskapet er «Ingen skal drukne».

Redningsselskapet er utgjevar av eitt av dei største fagblada i Noreg, RS-Magasinet, med 99 400 i opplag, fire gongar i året.

Redningsarbeidet Det operative arbeidet går føre seg først og fremst gjennom drift av landets redningsskøyter, som kvart år hjelper over 20 000 menneske. I 2017 redda mannskapet på redningsskøytene 35 menneskeliv i Noreg, i tillegg til at 111 fartøy vart berga.

Redningsselskapet har 54 operative redningsskøyter langs kysten, samt på innsjøane Femunden og Mjøsa. Halvparten av desse er bemanna av profesjonelle sjøtilsette som er i beredskap døgnet rundt, heile året, medan den andre halvparten er drifta av sjøredningskorps og bemanna av frivillige.

Totalt gjennomførte redningsskøytene 7869 oppdrag i 2017. Det er store geografiske skilnadar i oppdragsmengde. Oppdraga i sør er dominert av fritidsfartøy, medan det i nord er flest oppdrag knytt til nytte- og passasjerfartøy. Til sjøs er Redningsselskapet den primære ressursen ved søk og redning. 80 % av alle sjøredningsoppdrag kanalisert gjennom dei to hovedredningssentralane i Bodø og på Sola vart utført av Redningsselskapet i 2017. Skøytestasjonar med fast bemanna redningsskøyte 300px|mini|RS «Idar Ulstein», første fartøy i Ulstein-klassen, med fast mannskap og stasjon i Fosnavåg.

Nord-Noreg: Vardø/Båtsfjord, Mehamn, Havøysund, Sørvær, Skjervøy, Senja, Andenes, Myre, Svolvær, Ballstad, Røst (vinter), Bodø og Helgeland Midt-Noreg: Rørvik, Hitra og Kristiansund Vestlandet: Fosnavåg, Florø/Måløy, Bergen og Haugesund Sørlandet: Egersund, Farsund og Arendal Austlandet: Stavern, Skjærhalden og Oscarsborg

Frivillige sjøredningskorps mini|RS «Uni Kragerø», Bergesen-klasse, med mannskap frå sjøredningskorpset i Kragerø.

Nord-Noreg: Alta, Tromsø, Harstad og Brønnøysund Midt-Noreg: Namsos, Levanger, Trondheim og Femunden Vestlandet: Aukra, Ålesund, Måløy, Mongstad, Bergen og Stord Sørlandet: Stavanger, Mandal, Kristiansand og Lillesand Austlandet: Kragerø, Skjeberg, Tønsberg, Moss, Horten, Oslo og Mjøsa

Redningsskøytene

I alt 164 redningsskøyter er bygd. Colin Archer designa den første klassa med redningsskøyter med segl som einaste framdriftsmiddel. Seinare vidareførte Bjarne Aas tradisjonen samtidig som skøytene fekk motor i tillegg til segl.

I dag er alle tradisjonelle skøyter og kryssarar teke ut av teneste og erstatta av hurtiggåande fartøy med skrog i aluminium eller glasfiber/karbonfiber-sandwich, men fartøya vert framleis kalla redningsskøyter.

Redningsskøyter med fast mannskap KlasseLengdFramdriftMaskinkraftSlepekraftTal på fartøyFosen23-25 meterVribart propellanlegg4000 hk23 tonn6Von Koss23 meterVribart propellanlegg4000 hk12 tonn2Ulstein22 meterVannjett4000 hk12 tonn3Emmy Dyvi20 meterVribart propellanlegg2600 hk10 tonn2Skomvær20-21 meterVribart propellanlegg2000-2800 hk10 tonn5P.C.G. Sundt17 meterVannjett2000 hk6 tonn7

Fartøy med frivillig mannskap KlasseLengdFramdriftMaskinkraftSlepekraftTal på fartøyBergesen14 meterVannjett1000 hk3 tonn8Staff13 meterVannjett1000 hk3 tonn4Simrad12 meterVannjett680 hk2 tonn15Vekteren11 meterVannjett / påhengsmotor300-500 hk1 tonn2Andre9 meter---1

Ambulansebåtar mini|Ambulansebåten «Eyr Ytterholmen» Redningsselskapet har fire reine ambulansebåtar i Helgeland og Nordland. Fartøya «Eyr Bremstein», «Eyr Myken» og «Eyr Ytterholmen» har kontrakt med Helgelandsykehuset, og er stasjonert på høvesvis Vega, Rødøy og Bjørn, medan «Eyr Åsvær» er på kontrakt for Nordlandssykehuset og er stasjonert på Ørnes.

Førebyggjande arbeid Det førebyggjande arbeidet skjer i hovudsak gjennom RS Frivillig Land (omlag 1000 frivillige) og ungdomsorganisasjonen RS Ung (omlag 2000 medlemmar fordelt på 36 lag). Frivillige på land hjelper mellom anna til med gjennomføring av sommarskular, ungdomsleir og seglasar for barn og unge, bidreg på arrangement og til gjennomføringa av ulike kurs, samlar inn pengar, samt vedlikehald av basar og utstyr.

Redningsselskapet står mellom anna bak arrangementet «Forebyggende seilas» for 5. til 7. klassetrinn. Med økonomisk støtte frå Sjøfartsdirektoratet, lokalt samarbeid med brannvesen, politi, helsevesen og andre aktørar, vert det tilbode ein dag med læring innan førebygging. I 2017 deltok 8406 born frå skular i heile landet. «Forebyggende seilas» går ut på å gi borna ein heil skuledag med sjøvit, brannkunnskap og førstehjelp. Organisering mini|Generalsekretær Rikke Lind. Redningsselskapet er organisert som ein frivillig humanitær organisasjon, eigd av medlemmane og styrt gjennom lokalforeninger, distriktsårsmøte og representantskapsmøte som peikar ut eit sentralstyre. Den daglege drifta av Redningsselskapet vert leia av generalsekretæren og hennar leiargruppe.  Rikke Lind tok 6. august 2012 over som generalsekretær etter Øyvind Stene.

Organisasjonen hadde 111 342 medlemmar i januar 2018. Av desse var 94 000 såkalla Totalmedlemmar.

Representantskapet er det høgaste organet i organisasjonen og har som hovudoppgåve å velje sentralstyre og fastsette organisasjonen sine vedtekter. Representantskapsmøtet vert heldt i juni kvart år. Her møter 24 representantar frå dei 12 ulike distrikta, 12 representantar frå 11 brukarorganisasjonar og to tilsettrepresentantar. President, og leiar for sentralstyret er Nicolai Jarlsby.

Redningsselskapet har sitt hovudkontor på Lysaker i Oslo og har fem regionkontor (Nord, Sør, Aust, Vest og Midt-Noreg). Finansiering og økonomi Redningsselskapet vert drive ved hjelp av medlemsinntekter, donasjonar, innsamla midlar, operasjonelle inntekter, tippemidlar, samt offentlege tilskot. Samla var organisasjonen sine inntekter i 2018 på 682 MNOK, der offentlege tilskot utgjorde 121 MNOK og tippemidlar utgjorde 155 MNOK. 404 MNOK gjekk til drift av redningsskøyter, 33 MNOK til drift av ambulansefartøy, medan resterande kostnadar på 239 MNOK gjekk til førebyggjande aktivitetar, anskaffing av midlar og administrasjon.

Organisasjonen forvaltar eitt eige fond med namnet Sjøredningsfondet, som vart etablert for å sikre ein føreseieleg økonomi i organisasjonen. Avkastninga i Sjøredningsfondet vert nytta til investeringar, primært oppgradering av eksisterande flåte og byggjing av nye fartøy. Ved utgangen av 2018 hadde Redningsselskapet 716 millionar kroner til forvaltning i fondet.

Av organisasjonen sine samla kostnadar går 79,8% til formålsaktivitetar. Administrasjonsprosenten er 4,3%.

Kvart år bergar Redningsselskapet liv og verdiar for to milliardar kroner.

Skipinga av Redningsselskapet I 1882 var legen Oscar Tybring vitne til eit dramatisk forlis utanfor Smøla der mange sjøfolk omkom. Dette dreiv han til å ta initiativ til eit norsk redningsvesen slik dei fleste europeiske kystnasjonar allereie hadde etablert. Han reiste for eigen kostnad utanlands og studerte redningssaka. Han tala og skreiv, og utarbeidde planar for korleis han meinte det måtte gjerast i Noreg.

Trass i sitt engasjement, og tal som viste at over 700 fiskarar kvart år omkom på sjøen, møtte Oscar Tybring motbør. Mange meinte at det ikkje ville være mogleg å berge nokon langs kysten på grunn av krevjande forhold, at forlis skjedde fort, og at kostnaden ville bli for høg. Det var først når Tybring fekk med seg «Fram» sin byggmeister Colin Archer og admiral Johan Kren at redningssaka gjorde framsteg.

Etter nok ein vinter med mange omkomne på havet, tok Heinrich Scheller i Christiania Kjøbmandsforening opp saka i si foreining der han tala for redningssaka. Ein arbeidskomité vart sett ned, og etter ei større innsamling vart Norsk Selskab til Skibbrudnes Redning skipa 9. juli 1891.

Historie 350px|mini|RS 41 «Christian Bugge» med skipper John Bakken vert hylla ved ankomst Kristiansund etter Rokta-forliset. 1891: Redningsselskapet vert skipa 1893: Dei første redningsskøytene vert sett på sjøen 1894: Redningsdåden i Hamningberg der 36 menneske vert redda i storm av redningsskøyta «Colin Archer». Redningsforeiningar vert skipa over heile landet, og redningssaka får vind i segla. 1895 - 1897: Mislukka forsøk med motor 1900: 900 liv redda på sju driftsår 1908: Ny skøytekonstruksjon frå Colin Archer, tilpassa seinare motorinstallasjon 1930: Første redningsskøyte med motor 1938: Mannskapet på RS «Christian Bugge» og lokale fiskarar bergar halvparten av mannskapet på dampskipet «Rokta» i ein dramatisk redningsaksjon som er send direkte på radio 1949: Første havgåande redningskryssar vert sett på sjøen 1956: Første stålskøyte vert sett på sjøen 1968: RS 75 «Sjøfareren» på 92 fot vert sett på sjøen, den største redningsskøyta så langt 1969: Redningsskøytene startar med froskemannsoppdrag 1973: Første hurtiggåande redningsskøyte vert bygt 1974: Redningsselskapet startar med heilårsdrift og mannskapet vert tilsett på heiltid 1992: Redningsselskapet er 100 år, og så langt er 5 301 menneskeliv redda, og 1 780 fartøy berga 1996: Første frivillige sjøredningskorps vert etablert 2008: Redningsselskapet skipar Sjøredningsskolen i Stavern for å utdanne redningsmenn og -kvinner 2009: RS Ung for ungdom mellom 14 og 25 år vert etablert 2013: Redningsselskapet lanserer ny visuell profil og vert nominert til Hedersprisen for god design 2015 - 2017: Redningsselskapet deltek i Frontex-operasjonen Poseidon i Hellas, og mottok ei rekkje prisar for dette, mellom annet Humanistprisen 2016, Årets navn (VG) 2016 og Politiets medalje for internasjonal tjeneste (2016 og 2017). 2018: Redningsselskapet sin høge beskyttar kong Harald åpna organisasjonen sin nye heim og senter for sjøsikkerheit og maritim kompetanse, RS Noatun. Senteret er lokalisert på Langgrunn utanfor Horten og er den største enkeltinvesteringa i Redningsselskapet si historie.

Sjå også Colin Archer Norske redningsskøyter Royal National Lifeboat Institution Redningsstasjon

Kjelder

Bakgrunnsstoff

RS-Magasinet

Kategori:Skipingar i 1891

Kategori:Sjøfart i Noreg Kategori:Norske organisasjonar