Birger Jørstad () var ein norsk visediktar, politibetjent og kinosjef. Han budde for det meste i Steinkjer. Då han var ung, var han ein god fotballspelar for Steinkjer. Mange av visene hans vart framførte i Otto Nielsen sitt radioprogram Søndagsposten.
Birger Jørstad fekk Steinkjer kommune sin kulturpris i 1987, og var med det den første som fekk denne prisen.
I 1989 gav Steinkjer bokhandel ved Sigbjørn Hougen ut ei bok med viser frå Birger Jørstad sitt herbarium, illustrert av Vigdis Kvamme Nordtømme.
Nokre av dei mest kjende visene hans er: «Hainnhoinn i bainn» «Intrøndersk vokabular» «Bli' det poesi tå slekt?»
Bakgrunnsstoff Biografi om Birger Jørstad
Kategori:Norske visediktarar Kategori:Norske politifolk Kategori:Folk frå Steinkjer