Kranj (tysk Krainburg) er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Gorenjska i Slovenia.

Kranj er den tredje største kommunen og den fjerde største byen i Slovenia med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordvest for Ljubljana. Han er eit senter i Kranjska, nordvest i Slovenia, og er hovudsakleg ein industriby med industriar som elektronikk og gummi. Den historiske regionen Kranjska er kalla opp etter byen, som var hovudstad i denne regionen tidleg i mellomalderen.

Byen er òg kjend for idrettsanlegga, mellom anna fotball, tennis og basketball, og det største symjeanlegget i landet, der mellom anna europameisterskapen i vasspolo vart halde i 2003.

Sentrum i byen består av ein godt bevart gamleby frå mellomalderen. Dette området ligg mellom elvane Kokra og Sava.

Folketal Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2021 Kranj 35 587 36 874 38 024 Britof 1 657 1 908 2 106 1 595 1 646 1 661 1 228 1 480 1 602 1 502 1 566 1 590 1 026 1 063 1 153 1 040 1 051 1 055 Kommunen Kranj 51 225 55 029 57 185

Merknader

Bakgrunnsstoff

Offisiell turistside

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kranj» frå , den 25. april 2009.

Referansar

Kategori:Byar i Slovenia Kategori:Kommunar i Gorenjska statistiske region Kategori:Busetnader i Gorenjska statistiske region