Kristin Halvorsen () er ein norsk tidlegare politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV). Ho var kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II 2009–2013 og finansminister 2005–2009. Då Halvorsen vart finansminister, var ho både den første kvinna og den første som representerte eit parti til venstre for Arbeidarpartiet. Halvorsen var partileiar for SV i perioden mellom 1997 og 2012 og vart valt inn på Stortinget frå Oslo frå 1989 til 2013. Ho var direktør i CICERO Senter for klimaforskning frå 2014 til 2026.Audun Lysbakken: Kristin Halvorsen fyller 60 år - Ærlig, direkte og engasjert - Klassekampen 28. august 2020Kristin Halvorsen blir direktør for klimaforskningssenteret CICERO. uniform.uio.no (28. mars 2014)

Ho var styreleiar i Stiftelsen Kronprinsparets Fond og var det også i Noregs forskingsråd mellom 2022 og 2023.

Bakgrunn Kristin Halvorsen vart fødd i Horten i Vestfold og voks opp i Porsgrunn. Ho er dotter av direktøren Leif Georg Halvorsen (1934–2020) og læraren Marit Larsen (1934–2021).Representant: Halvorsen, Kristin: Biografi (stortinget.no)

Ho har universitetsfaga sosialpedagogikk og kriminologi (høvesvis 1,5 og 1 år, ikkje fullført nokon grad), og har arbeidd som sekretær i eit advokatfirma. Det er den einaste jobben ho har hatt utanom politikken.«Halvorsen, Kristin» av Ingunn Norderval i Norsk Biografisk Leksikon; bind 4, Halvorsen-Ibsen (Kunnskapsforlaget, 2001) (www).

Halvorsen er gift med Charlo Halvorsen, som var underhaldningsredaktør i NRK. Dei har to born.

Politisk karriere mini|venstre|Kristin Halvorsen vert gratulert som Finansminister på Løvebakken, 17. oktober 2005.

Halvorsen har hatt tillitsverv i Sosialistisk Ungdom frå 1982 (leiar 1984–1986) og i Sosialistisk Venstreparti (SV) frå 1985 (parlamentarisk leiar 1997–2005 og leiar 1997–2012) og var valt inn som stortingsrepresentant for SV frå 1989 til 2013, og representerte Oslo. Ho var medlem i Utanrikskomiteen frå 1989 til 2005. Ho var med i Den utvida utanrikskomiteen, Valkomiteen og Stortinget sin delegasjon for samband med EU-parlamentet. I tillegg var ho gruppeleiar for SV si stortingsgruppe frå 1997 til 2005.

Ho var finansminister i regjeringa Stoltenberg II frå 17. oktober 2005. Ho vart med dette den første kvinnelege finansministeren i Noreg, og den første finansministeren frå eit parti til venstre for Arbeidarpartiet. Den 20. oktober 2009 gjekk ho av som finansminister, og tok i staden over som statsråd og leiar for Kunnskapsdepartementet.

Då Audun Lysbakken trekte seg frå stillinga som barneminister 5. mars 2012,Audun Lysbakken trekker seg som statsråd Audun Lysbakken trekker seg som statsråd i Dagbladet, den 5. mars 2012. tok Halvorsen midlertidig over stillinga hans som settestatsråd i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementetOffisielt frå ekstraordinært statsråd 5. mars 2012Kristin Halvorsen tar over midlertidig etter Lysbakken i Dagbladet, den 5. mars 2012. inntil Inga Marte Thorkildsen tredde inn som statsråd for departementet.

Full barnehagedekning I kommunevalkampen i 2007 var Halvorsen sterkt framme i media for å fremja klimapolitikken til SV og regjeringas løfte om full barnehagedekning. Ho fekk imidlertid kritikk frå opposisjonen for ikkje å stå ved sitt løfte frå valkampen i 2005 om at ho kom til å gå av dersom målet om full barnehagedekning ikkje var nådd før utgangen av 2007.

Prisar og utmerkingar I 2002 fekk Halvorsen Kommunikasjonsprisen 2002 frå Norsk Kommunikasjonsforening. Ho var den første norske partileiaren som hadde ein blogg. I 2004 gav ho ut boka Rett fra hjertet på Gyldendal forlag (Kristin Halvorsen i samtale med Ingolf Håkon Teigene).

Merknader

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kristin Halvorsen» frå , den 10. juli 2026.

Litteratur

Lilla Sølhusvik Kristin Halvorsen: gjennomslag, 2012 ISBN 978-82-02-36639-1 Kristin Halvorsen i samarbeid med Ingolf Håkon Teigene Rett fra hjertet, 2004 ISBN 82-05-33081-6

Bakgrunnsstoff

Kristin Halvorsen si vevside

Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske kunnskapsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:SV-statsrådar Kategori:Leiarar for Sosialistisk Venstreparti Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Folk frå Horten Kategori:Leiarar i Sosialistisk Ungdom