The Killers er eit rockeband frå Las Vegas i USA som blei skipa i 2002.

Medlemane i The Killers innkluderer Brandon Flowers (vokal, klaviatur), Dave Keuning (gitar), Mark Stoermer (bass) og Ronnie Vannucci Jr (trommer). Dei slapp debutalbumet sitt, Hot Fuss, i 2004. Det andre albumet deira, Sam's Town, kom ut i 2006. I 2007 kom samlealbumet Sawdust som inneheld diverse B-sides og raritetar. Det tredje studioalbumet deira, Day & Age, vart gjeve ut i 2008.

The Killers var i Noreg for fyrste gong den 28. juli 2005 (Valle Hovin), og dei deltok på Hovefestivalen i 2007.

Diskografi

2004: Hot Fuss 2006: Sam's Town 2007: Sawdust 2008: Day & Age 2012: Battle Born 2017: Wonderful Wonderful 2020: Imploding the Mirage 2021: Pressure Machine

Kategori:USA-amerikanske rockegrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 2002 Kategori:Musikkgrupper frå 2000-talet Kategori:The Killers Kategori:Brit Award-vinnarar