Roger Harry Daltrey () er ein engelsk songar og skodespelar, mest kjend som ein av grunnleggjarane og vokalist i det engelske rockebandet The Who. Han har òg hatt ein karriere som soloartist og arbeidd i filmindustrien som skodespelar og produsent.
Bakgrunn
Daltrey vart fødd inn i ein typisk engelsk arbeidarklassefamilie og voks opp i Chiswick, Hounslow. Han utmerkte seg på skolen og kom inn på guteskulen Acton County Grammar School. Medan familien drøymte om ein universitetskarriere for unge Daltrey, var ikkje strenge engelske skulereglar og autoritære lærarar noko for den opprørske Roger. Han snikra sjølv den første gitaren sin, men i 1959 fekk han den første elektriske gitaren sin av faren. Etter å ha blitt kasta ut av skolen, arbeidde han som stålarbeidar om dagen og musikar om kvelden og natta.
The Who mini|Roger Daltrey (t.h.) og Pete Townshend 17. juni 2006 ved minne- plaketten for den legendariske konserten i Universitetet i Leeds 14. februar 1970 mini|Pete Townshend og Roger Daltrey i 2004 Daltrey starta The Who saman med Pete Townshend og John Entwistle i 1964 etter å spelt saman i to år som «The Detours» og «The High Numbers». The Who vart opphavleg oppfatta å vere eit for sært namn. Townshend og Daltrey skreiv ein del musikk saman, men Daltrey vart etter kvart overskugga av Townshend sine meir kompliserte komposisjonar. Men vokalen hans bar musikken og som visuelt midtpunkt i gruppa var Daltrey heilt sentral. Særleg var snurringa han gjorde med mikrofonen ved å halde eit stykke nede på leidningen eit av varemerka hans. Daltrey har, som så mange andre, trekt fram Elvis Presley sin uortodokse sceneopptreden som ei stor inspirasjonskjelde, medan Townshend på si side var lite glad i Presley.
Det stammande uttrykket til Daltrey for ungdommeleg sinne og frustrasjon i den første store hitten deira «I Can’t Explain» og ikkje minst «My Generation» fanga pulsen på denne tida og ungdomsfrustrasjon over å ikkje bli tatt på alvor i «den vaksne verda». Seinare vart primalskriket til Daltrey mot slutten av «Won’t Get Fooled Again» eit av høgdepunkta til bandet.
Daltrey såg tidleg kva trussel mot bandet og venene bruken av rusmidlar og overdriven alkoholkonsum representerte og han jobba hardt for å halde bandet saman og stoffmisbruket på avstand. Då han ein gong skylde pillene til Keith Moon ned i toalettet og Moon protesterte heftig og krakilsk, slo Daltrey han ned med eit enkelt slag. Han har òg tidlegare vore fleire gonger i handgemeng med Pete Townshend i studio av same grunn. Daltrey var kjent som ein helsefantast, medan dei andre kunne tylle i seg brennevin i studio.
Det var alltid stemma til Daltrey og ansiktet hans som fronta bandet. Kombinasjonen av den intellektuelle og noko kompliserte Townshend med den karismatiske og visuelle Daltrey har vore ein del av nøkkelen til suksessen til The Who. Då rockeoperaen Tommy vart filma i 1975 av Ken Russell, vart Daltrey i hovudrolla nominert til Golden Globe-prisen for beste filmdebutant. Dette vart òg ein utløysande faktor for Daltrey si skodespelarkarriere.
Arbeid utanfor The Who
Sjølv om The Who er den sentrale musikalske ståstaden til Daltrey, har han gjeve ut åtte soloalbum.
Soloalbum
Daltrey, 1973 Ride a Rock Horse, 1975 One of the Boys, 1977 McVicar, 1980 Parting Should be Painless, 1984 Under a Raging Moon, 1985 Can't Wait to See the Movie, 1987 Rocks in the Head, 1992
Filmografi
Lisztomania (Franz Liszt), 1975 Tommy (Tommy Walker), 1975 The Legacy (Clive), 1978 McVicar (John McVicar), also Producer, 1980 The Beggar’s Opera (Macheath), 1983 Murder: Ultimate Grounds for Divorce, 1985 The Little Match Girl (Jeb Macklin), 1987 Mack the Knife (Street Singer), 1989 Cold Justice (Keith Gibson), 1989 Buddy's Song (Terry Clark); also Music Score Composer, Producer, 1991 If Looks Could Kill - Teen Agent (Blade), 1991 The Freddie Mercury Tribute Concert ,1992 Lightning Jack (John T. Coles), 1994 Vampirella (Vlad), 1996 Like It Is (Kelvin), 1998 The Magical Legend of the Leprechauns (1999). King Boric Dark Prince: The True Story of Dracula (King Janos), 2000 Best (Rodney Marsh), 2000 The Young Messiah - Messiah XXI (2000) (DVD) Chasing Destiny (Nehemiah Peoples), 2001 .com for Murder (Ben), 2002 Johnny Was (Jimmy Nolan), 2006
Veldedig arbeid
31. desember 2004 vart han utnemnd til Commander of the Order of the British Empire for sine tenester til musikk, underhaldningsindustrien og ikkje minst til humanitært arbeid, der han har arbeidd mykje for å reise midlar til kreftforsking hos barn og unge, etter at systera hans døydde ung av kreft. Etter 2000 har han organisert fleire konsertar til inntekt for «Teenage Cancer Trust» i Storbritannia, noko som har brakt inn fleire millionar pund.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Roger Daltrey» frå , og «Roger Daltrey» frå den 3. mai 2009.
Bakgrunnsstoff Time Magazine kårar i 2003 Roger Daltrey til å vere ein europeisk helt Et godt eksempel på Roger Daltey si rolle som visuelt midtpunkt: «Won't Get Fooled Again» Omfattende biletgalleri frå heile karrieren til Daltrey Biletgalleri og omtale av alle filmane Daltrey har medverka i (engelsk)
Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:The Who Kategori:Engelske rockesongarar