«Zoot Suit» var den første singelen til det engelske rockebandet The Who, medan dei enno vart kalla The High Numbers.
Songen vart skriven av Peter Meaden, manageren til bandet på denne tida, men det meste av musikken vart kopiert frå amerikanske soulplater, songen «Misery» av The Dynamics. Singelen vart meint for mod-rørsla og slo ikkje til på listene. Bandet hadde før singelen kom ut hatt namnet The Who, og etter singelen kom ut gjekk dei tilbake til dette namnet, fann nye managerar og gav ut sin sjølvskrivne «I Can’t Explain», som vart ein hit i Storbritannia.
Songen og B-sida «I'm the Face» vart nytta i filmen Quadrophenia, som er basert på albumet deira Quadrophenia frå 1973.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zoot Suit/I'm the Face» frå , den 7. mai 2009.
Kategori:Debutsinglar frå 1964 Kategori:The Who-songar Kategori:Fontana Records-singlar Kategori:Songar skulda for plagiat Kategori:Songar frå 1964