Skredhaugen er eit friluftsmuseum eit par kilometer nord for Lofthus, i Ullensvang kommune. Museet består av ei samling gamle trehus som er laga i den tradisjonelle stilen som var vanleg i Hardangerbygdene for 100-200 år sidan.

Skredhaugen vart kjøpt av kunstnaren Bernhard Greve i 1918. Etter oppkjøpet flytte han fleire gamle hus hit frå ulike gardar i Sørfjorden og lukkast i å skapa eit naturtru museum. Inni husa finn ein i dag kunstutstillingar, og om lag 2000 gjenstandar frå det gamle Hardanger.

Skredhaugen er i dag ein del av Hardanger og Voss museum. Det er gratis å vitja og sjå på Skredhaugen heile året. Om sommaren kan ein dessutan få guiding rundt om på Skredhaugen.

Kjelder Hardanger Folkemuseum si side om Skredhaugen. Store Norske Leksikon om Bernhard Greve

Kategori:Kultur i Ullensvang Kategori:Byggverk i Ullensvang Kategori:Friluftsmuseum i Noreg Kategori:Museum i Vestland