Lugano (latinsk Luganum) er ein by i det sørlege Sveits, i den italienskspråklege kantonen Ticino ved grensa til Italia. Byen er ein populær turistby, kalla «Sveits' Monte Carlo». Den er den niande største byen i Sveits etter folketal. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . I storbyområde kring byen bur over 145 000 innbyggjarar. Byen ligg 273 meter over havet, sør for Alpane, ved Luganosjøen mellom innsjøane Lago Maggiore og Lago di Como.

Lugano er den niande største byen i Sveits og den største italiensktalande byen utanfor Italia.

Opphavet til namnet kjem mogelegeins frå det latinske ordet Lucus, som tyder «skog» eller «heilag skog», eller det galliske locovanno, «innsjøbuar».

Eurovision Song Contest 1956 Lugano var vertsby for den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Tevlinga vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Turisme i Lugano

Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Ticino Kategori:Stader ved Luganosjøen