mini|Illes Medes sett frå stranda ved L'Estartit. Meda Gran er nærast. mini|Carall Bernat, ei bratt klippe som er høgare enn ho er brei. Illes Medes (katalansk) eller Islas Medas (spansk) er ei lita, kupert øygruppe nordvest i Middelhavet. Dei ligg nær kysten, like aust for kystbyen L'Estartit i Spania.
Meda Gran, den største av dei, har eit areal på 1,8 km² og er den einaste større øya i øygruppa. Ho har noko middelhavsvegetasjon og eit fyr frå 1800-talet. Den nest største øya er Meda Xica på berre 0,24 km².
Carall (eller Cavall) Bernat, Tascons Grossos, Medellot, Tascons Petits og Ferrenelles er nesten berre bratte klipper som stikk opp av sjøen.
Økologi Øyane vart ein del av eit verneområde i 1983 og er eit viktig marint reservat vest i Middelhavet.
Trass i øydeleggingane forureining frå industrien og masseturismen på middelhavskysten har gjort, er det framleis eit biologisk mangfald i farvatnet rundt øyane.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Medes Islands» frå , den 24. mai 2009.
Kategori:Øyar i Spania