mini|høgre|Cape Kidnappers

Cape Kidnappers eller på maori Te Matua-a-Maui ('fiskekroken til Maui') er eit nes heilt søraust i Hawke Bay på austkysten av Nordøya på New Zealand. Det ligg 20 km søraust for byen Napier.

mini|venstre|Cape Kidnappers, med ein stor australsulekoloni midt i biletet mini|Australsulekoloni på Cape Kidnappers

Neset ligg heilt i enden av ei åtte km lang halvøy som stikk ut i Stillehavet. Det fekk namn etter ei hending der lokale maoriar freista å bortføra ein av mannskapet - ein tolk frå Tahiti som dei meinte vart halden der mot sin vilje - på skipet til kaptein James Cook, «Endeavour» i 1769. Maorinamnet kjem frå legenda om Nordøya som vart fiska opp or havet av halvguden Maui.

Neset er tilhaldsstad for ein stor koloni australsuler. Her ligg òg ein verdskjend golfbane.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Cape Kidnappers» frå , den 27. mai 2009.

Kategori:Hawke's Bay Kategori:Halvøyar på New Zealand Kategori:Nes på New Zealand