Jigme Khesar Namgyal Wangchuck () er den femte Druk Gyalpo (Drakekongen) i Bhutan, etter at dagens statsskikken vart innført av tippoldefaren hans i 1907. Han overtok trona etter faren 15. desember 2006, to år tidlegare enn opphavleg varsla. Ein kroningsseremoni fann stad 6. november 2008.

Namgyal er eldstesonen til Jigme Singye Wangchuck og kona Ashi Tshering Yangdon.WANGCHUCK DYNASTY. 100 Years of Enlightened Monarchy in Bhutan. Lham Dorji Han har to yngre heilsøsken, og fire halvsøstrer og tre halvbrør som er barn til dei tre andre konene til faren.

Han har studert ved Cushing Academy og ved Wheaton College, i Massachusetts før han tok eksamen ved Magdalen College ved Oxford University. Han studerte ved the Foreign Service Program og har ein mastergrad i statsvitskap.His Royal Highness Crown Prince Dasho Jigme Khesar Namgyal Wangchuck Som kronprins reiste han mykje i utlandet, og han deltok i arbeidet i fleire kulturelle, sosiale og økonomiske organisasjonar.

Faren Jigme Singye Wangchuck sa i desember 2005 at han ville abdisere i 2008, og overlate trona til kronprinsen. Han sa og at arbeidet med å føre over ansvar og oppgåver ville bli ein løpande prosess.BBC, "Bhutan king announces abdication", 18. desember 2005 Eit år seinare kunngjorde kongen at han kom til å abdisera straks.

I mars 2008 gav kongen frå seg den absolutte makta si og Bhutan blei eit konstitusjonelt monarki. I 2011 gifta han seg med Jetsun Pema, og i 206 fekk dei ein son.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden keystobhutan.com Nasjonaldagstalen til kongen av Bhutan i 2005 Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden raonline.ch Om den bhutanske kongefamilien på nettstaden bhutannewsonline

Kategori:Bhutanarar Kategori:Kongar