Ellingsøytunnelen er ein undersjøisk tunnel som går frå Nørvøya i Ålesund under Ellingsøyfjorden til Hovset på Ellingsøya. Tunnelen er ein del av riksveg 658 i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen er 3520 meter lang, den når 144 meter under havet, og største stigning er 8,5 %. Ellingsøytunnelen blei opna i 1987. Saman med Valderøytunnelen gav den ferjefritt samband mellom Ålesund og Valderøya i Giske kommune, og dermed også ferjefritt samband til Ålesund lufthamn på Vigra.

Tunnellen var ein bomveg, bomstasjonen stod på Kverve på Ellingsøya. Bomperioden skulle opphavleg vare i 15 år, men på grunn av økonomiske problem hos tunnelselskapet, vart bompengeperioden forlenga til 22 år. Bompengeperioden opphøyrde i november 2009, og det er no gratis å bruke tunnelen.

Det er ikkje tillate for fotgjengarar å ferdast i Ellingsøytunnelen.

Sjå også Valderøytunnelen Giskebrua Alnestunnelen Vegtunnelar i Noreg Undersjøiske vegtunnelar i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff The World's Longest Tunnel Page

Kategori:Tunnelar i Møre og Romsdal Kategori:Undersjøiske tunnelar Kategori:Samferdsle i Ålesund Kategori:Byggverk i Ålesund Kategori:Tunnelar opna i 1987