Agdenes kyrkje står på Værnes i Orkland kommune i Trøndelag fylke, og er ei langkyrkje vigsla i 1858.

Arkitekt for bygget, som er i tre, var Christian Heinrich Grosch. Inventaret er frå byggeåra ellet seinare. Kyrkja hadde frå starten ein takryttar midt over skipet. I 1869 vart det bygd tårn ved vestre enden av skipet. Hundre år seinare, i 1969, vart det bygd til sakristi og bårerom.

Kyrkja er soknekyrkje i Agdenes kyrkjesokn i Orkdal prosti.

Inventar Altertalvla Altertavla har Kristus i Getsemane som motiv og er ein kopi etter Hoffman måla av Wilhelm Bjørknes i 1915. Før det var det ein svart kross med gylde kantar som stod på alteret og tende som altertavle.

Preikestol Preikestolen er frå byggeåret og er i tre.

Døypefont Døypefonten er i tre og vart laga i 1951.

Kyrkjeklokke Det er ei klokke i kyrkja. Ho er frå 1856.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Kyrkjer i Orkland Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Kyrkjer i Orkdal prosti Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1850-åra Kategori:Kulturminne i Orkland Kategori:1858 i Noreg