Pikkolofløyte (frå det italienske flauto piccolo, 'lita fløyte') er ei lita tverrfløyta i treblåsfamilien. Ho er halvparten så stor som ei tverrfløyte, og har sitt normale toneregister ein oktav over denne. Pikkolofløyta har det høgaste toneomfanget i symfoniorkesteret, frå tostroken d og heilt opp til femstroken c. I det høge registeret er fløyta vanskeleg å overdøyva. I tillegg til i symfoniorkesteret blir ho ofte brukt i janitsjarkorps og i militærmusikk.

Pikkolofløyta blei konstruert på slutten av 1700-talet, og tok over som diskantfløyta etter flageoletten. Klaffane er sidan 1800-talet ordna på same måte som den moderne tverrfløyta, og grepet er likt på begge fløytetypane. Ein person som kan spela tverrfløyta kan derfor forholdsvis enkelt læra seg å spela pikkolofløyta. Blåseteknikken er like på dei begge, men luftstraumen må konsentrerast meir på pikkolofløyta. Små endringar i blåsinga gir svært stor variasjon i lyden, noko som gjer pikkolofløyta til eit fleksibelt instrument.

Verk med viktige pikkolofløytepassasjar

Bartók: Konsert for orkester; sats III, Elegia Beethoven: Symfoni nr. 9 i D-moll Carlisle Floyd: The Sojourner and Mollie Sinclair Puccini: Suor Angelica (opningsscenen) Rossini: Overturane til Semiramide, La gazza ladra, La scala di seta Sousa: «Stars and Stripes Forever» (Grandioso) Shostakovich: Symfoniane 5, 6, 7, 8, 9 ,10 Tchaikovsky: Symfoni nr. 4 i F-moll

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pikkolofløyte» frå , den 23. juni 2009. Denne artikkelen bygger på «Pikkolofløyte» frå , den 23. juni 2009.

Kategori:Treblåseinstrument