mini|høgre|Vestindiapetrell, Pterodroma hasitata mini|høgre|Magentapetrell, Pterodroma magentae Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, public domain Petrellar er ei gruppe av sjøfuglar innanfor ordenen stormfuglar, Procellariiformes. Definisjonen er omdiskutert, gruppa er ikkje rekna som eit takson, jamvel om somme avgrensar petrellane til slekta Pterodroma av stormfuglfamilien.

mini|høgre|Lordhowepetrell, Pterodroma solandri Petrellar kan ha fleire tydingar: Sjøfuglane i den biologiske slekta Pterodroma, - eller Pterodroma utvida med alle artar i stormfuglfamilien som ikkje er kvalfuglar eller lirer, - eller Vidare utvida med artane frå to familiar: dukkpetrellar og stormsvaler.

I vidaste tyding er petrellar då ei samling av artar frå tre grupper:

Den største gruppa er frå stormfuglfamilien: Havhestar femnar om slektene Macronectes og Fulmarus, antarktispetrell, flekkpetrell og snøpetrell. Pterodroma, «eigentleg petrellar» Aphrodroma, sølvvengpetrell Halobaena, blåpetrell, ofte rekna som medlem av gruppa kvalfuglar Bulweria, spisshalepetrell og arabarpetrell Procellaria, 5 store artar med 'petrell' i namnet, men tradisjonelt rekna som lirer

Den minste gruppa er dei fire artane i familien dukkpetrellar.

Den siste gruppa er stormsvaler, 'storm-petrels' på engelsk språk.

Kategori:Fuglar Kategori:Stormfuglar