Tommy er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut som eit dobbeltalbum den 17. mai 1969 på Track og Polydor i Storbritannia og Decca og MCA i USA. Albumet er nesten utelukkande komponert av gitaristen Pete Townshend og fortel soga om Tommy Walker, ein døv, stum og blind gut som vert leiaren av ei messiasrørsle.

Townshend kom på konseptet til Tommy etter å ha blitt introdusert for læra om arbeidet til Meher Baba, og var eit forsøk på å overføre denne læra til musikk. Innspelinga av albumet byrja i september 1968, men tok seks månader å fullføre sidan materialet måtte arrangert og spelast inn om att fleire gonger i studio. Tommy fekk god kritikk då det kom ut og vart rekna som det store gjennombrotet til The Who. Kritikarane har vore noko mindre entusiastiske i seinare år, men det vert framleis rekna som eit viktig og innverknadstungt album i rockehistoria. The Who marknadsførte albumet med ein omfattande turné, der dei spelte heile Tommy, frå 1969 til 1970. På denne turneen spelte dei mellom anna på Woodstockfestivalen, Isle of Wight-festivalen i 1969, University of Leeds, Metropolitan Opera House og Isle of Wight-festivalen i 1970. Konsertframføringa av Tommy vart sterkt kritikarrost og sparka liv i karrieren deira att.

Seinare har rockeoperaen blitt omforma til andre media, som ein produksjon i Seattle Opera i 1971, ein orkesterversjon av Lou Reizner i 1972, ein film i 1975, og ein Broadwaymusikal i 1992. Det originale albumet har seld 20 millionar eksemplar og blitt innlemma i Grammy Hall of Fame. Det har kome ut på CD fleire gonger, mellom anna i ein nymiks av Jon Astley i 1996, ein luksus Super Audio CD i 2003, og ein superluksus-boks i 2013 med demoar og konsertopptak som ikkje tidlegare var gjevne ut.

Innspeling The Who byrja på innspelinga av albumet i IBC Studios den 19. september 1968. Dei hadde ikkje fastslått tittelen på prosjektet på denne tida, så det vart omtalt som mellom anna Deaf, Dumb and Blind Boy, Amazing Journey, Journey into Space, The Brain Opera og Omnibus. Townshend landa til slut på Tommy fordi det var eit vanleg britisk namn og kallenamn på britiske soldatar i første verdskrigen. Lambert tok leiinga for produksjonen, medan Damon Lyon-Shaw var lydteknikar. Studioet var leigd frå 1400 til 2200, men innspelinga varte ofte til seint på natt.

Albumet vart spelt inn på ein åttesporsopptakar som gjorde at forskjellige instrument kunne overdubbast. Townshend brukte fleire gitarar i studio, men mest ein Gibson J-200 akustisk gitar og ein Gibson SG. I tillegg til dei vante instrumenta spelte Townshend piano og orgel og bassisten John Entwistle spelte valthorn. Keith Moon brukte eit nytt trommesett med doble basstrommer som var eigd av scenarbeidaren Tony Haslam, etter Premier hadde nekta å låne han noko meir utstyr fordi han stadig øydela det. Sjølv om Townshend skreiv dei fleste songane, kom arrangementa frå heile bandet. Songaren Roger Daltrey sa seinare at Townshend ofte kom med halvferdige demoinnspelingar, og sa «me brukte sikkert like mykje tid på å prate som me spelte inn musikk, fann ut av arrangementa og slikt.» Townshend bad Entwistle om å skrive to songar («Cousin Kevin» og «Fiddle About») som dekte mørkare tema som mobbing og seksuelt misbruk. «Tommy's Holiday Camp» var Moon sitt forslag om ei slags religiøs rørsle som Tommy kunne leie. Moon vart oppført som låtskrivar på denne songen for å kome opp med ideen, medan musikken vart komponert og framført av Townshend. Mange av songane hadde ein lettare stil enn tidlegare innspelingar, med stor vekt på vokalen. Moon sa seinare «Det var på den tida ganske ulikt The Who. Mange av songane var lette. Me spelte aldri slik som det.»

Somme av songane var alt skrivne for andre prosjekt. «Sensation» var skriven om ei jente Townshend hadde møtt på turné i Australia tidleg i 1968, «Welcome» og «I'm Free» var om roa Townshend fann gjennom Meher Baba og «Sally Simpson» var basert på ein konsert med The Doors som var prega av vald. Andre songar var tidlegare blitt spelt inn av The Who og brukt om att. «It's A Boy» kom frå «Glow Girl», eit unytta spor på The Who Sell Out, medan «Sparks» og «Underture» vart brukt om att og utvida frå instrumentale tema i «Rael». «Amazing Journey» var i følgje Townshend, «den absolutte byrjinga på operaen og oppsummerte heile plottet.» «The Hawker» var ein coverversjon av Mose Allison sin «Eyesight to the Blind». Ein coverversjon av Mercy Dee Walton sin «One Room Country Shack» vart òg spelt inn men teken bort frå den endelege sporlista fordi Townshend ikkje klarte å finne ut ein måte å innlemme han i plottet på.

Innspelinga på IBC tok lang tid, fordi dei mangla det fullstendige plottet og alle songane dei trong. Gruppa håpte at albumet skulle vere klart til jul, men innspelinga drog ut. Chris Welch i Melody Maker vitja IBC i november og han vart imponert over arbeidsmiljøet og materialet, men prosjektet hadde då enno ikkje eit namn og plottet var ikkje samanhengande. Det amerikanske selskapet til The Who, Decca Records, vart så lei av å vente på det nye produktet at dei gav ut eit samlealbum, Magic Bus: The Who on Tour som fekk dårleg kritikk av Greil Marcus i Rolling Stone på grunn av dårleg songutval og villeiande tittel (det var ikkje eit konsertalbum, berre studioopptak).

The Who tok ein pause frå innspelinga mot slutten av 1968, for å spele konsertar, og deltok på The Rolling Stones Rock and Roll Circus den 10. desember. Dei heldt fram innspelinga i IBC i januar 1969, frå måndag til torsdag, og brukte helgane på å spele konsertar for å unngå å hamne i gjeld. Det vart booka ein stor turné for slutten av april, og selskapet insisterte på at albumet måtte vere ferdig då sidan det var gått godt over eit år sidan The Who Sell Out. Lambert skreiv eit manus, Tommy (1914–1984) som han fekk trykt opp og gjeve til bandet, slik at dei kunne fokusere på historia. Dei valde òg då å gå for eit dobbeltalbum. Gruppa kom framleis opp med nye songar. Lambert insisterte på at dei burde ha ein skikkeleg overture, medan Townshend skreiv «Pinball Wizard» slik at Nik Cohn, ein flipperfan, kom til å gje albumet ei positiv melding i New York Times. Lambert ønskte å ha eit orkester på albumet, men Townshend var sterkt i mot ideen, og dei hadde uansett for lite tid og pengar til at det kunne skje.

Innan mars 1969 hadde dei spelt inn somme av songane fleire gonger, men Townshend meinte framleis at det var noko som mangla. Entwistle var lei av alle innspelingane og sa seinare «me gjekk stadig attende og endra på songane ... det byrja å gjere oss sprø.» Den siste innspelinga fann stad 7. mars, same dagen som «Pinball Wizard» kom ut på singel. Gruppa byrja å øve for turneen og marknadsføre singelen, og Lambert drog på ferie til Kairo. Miksinga vart overlate til Lyon-Shaw og assisterande lydteknikar Ted Sharp, som ikkje syntest at IBC høvde seg for oppgåva. Albumet gjekk over deadline for april, sidan stereomasteringa framleis heldt på til slutten av månaden.

Oversikt

Karakterar Tommy Walker: Hovudkarakteren i soga, som albumet er kalla opp etter. Captain Walker: Far til Tommy Mrs. Walker: Mor til Tommy. (Ho heiter Nora i filmutgåva) The Lover: Elskaren til mor til Tommy (onkel Frank Hobbs i filmutgåva) Uncle Ernie: Den «onde onkelen», ein pedofil. Kevin: Fetteren til Tommy, ein sadistisk «skulebølle» som gjer stygge ting med Tommy når dei er heime aleine. The Hawker: Leiaren av ei sekt der mor til Tommy tar han med seg i håp om å kurere han mot plagene hans. Local Lad: Den regjerande meisteren i ein flipperturnament, fram til Tommy slår han og tar over tittelen «Pinball Wizard». (Denne karakteren vart slått saman med Cousin Kevin for Broadway-utgåva.) The Acid Queen (òg kjend som «The Gypsy»): Ei prostituert som handlar med hallusinogen og som prøver å kurere Tommy. The Doctor: Ein lege som prøver å kurere Tommy og finn ut at plagene til Tommy er mentale og ikkje fysiske. Sally Simpson: Ein av «disiplane» til Tommy.

Soga i kronologisk rekkjefølgje «Overture»/«It's a Boy» - Kaptein Walker i den britiske hæren vert rapportert sakna under den første verdskrigen og er ikkje venta å kome heime att. Kort tid etter får Mrs. Walker meldinga og føder sonen deira, Tommy. I filmutgåva er Captain Walker ein pilot i Royal Air Force «1921» - Om lag fire år seinare. Kaptein Walker kjem heim att og oppdagar at kona har fått ein ny kjæraste. Kaptein Walker konfronterer dei to og tar livet av kjærasten (som Tommy fram til då hadde trudd var faren). Tommy er vitne til dette gjennom ein spegel. For å dekke over drapet seier dei til Tommy at han ikkje såg det, ikkje høyrde det og ikkje vil sei noko om det til nokon for resten av livet sitt. Den traumatiserte Tommy vert døv, stum og blind. I filmutgåva er dette snudd på hovudet og kjærasten tar livet av Captein Walker. «Amazing Journey»/«Sparks» - Undermedvitet til Tommy viser seg for han som ein høg framand i sølvkappe og dette synet fører han ut på ei indre, andeleg reise der han lærer å tolke alle fysiske kjensler som musikk. «Eyesight to the Blind (The Hawker)» - Foreldra til Tommy tar han med til kyrkja i ei sekt for å kurere han. «Eyesight...» er songen til sektleiaren. «Christmas» - Når det nærmar seg jul vert foreldra til Tommy redde for at Tommy skal verte fordømt, sidan han ikkje er klar over verken Jesus eller bøn. «Cousin Kevin» - Foreldra til Tommy vert sjølvtilfredse og lèt Cousin Kevin ta seg av Tommy. Han tyranniserer og torturerer Tommy utan frykt for at nokon skal finne det ut. Til slutt gidd han ikkje meir sidan Tommy ikkje reagerer stort. «Acid Queen»/«Underture» - Foreldra til Tommy prøver å kurere han ein gong til, denne gongen ved å plassere han hos ei kvinne som prøver å lokke Tommy til fullt medvite med hallusinogen og sex. «Underture» er ein lang instrumental som representerer Tommy påverka av syre. «Do You Think It's Alright?»/«Fiddle About» - Tommy vert overlaten til onkel Ernie, ein alkoholikar og barnemishandlar som nyttar høve til å mishandle Tommy utan frykt for å verte oppdaga. «Pinball Wizard» - Det vert oppdaga at Tommy har talent for flipperspel og han slår raskt turneringsmeisteren. Tommy vert slik ein internasjonal kjendis. «Pinball Wizard» er songen til den regjerande meisteren. «There's a Doctor»/«Go to the Mirror» - Foreldra til Tommy finn ein medisinsk spesialist for å prøve og forstå og kurere symptoma. Etter mange prøver får dei beskjed om at det ikkje er noko medisinsk gale med han og at problema er psykosomatiske. Samstundes med at dei prøver å nå han, prøver undermedvitet til Tommy å nå ut til dei. «Tommy Can You Hear Me?»/«Smash the Mirror» - Mor til Tommy prøver framleis å nå han og vert frustrert over at han totalt ignorerer ho medan han stirer mot ein spegel. Ut av frustrasjonen knuser ho spegelen. «Sensation»/«Miracle Cure» - Når spegelen vert knust kjem Tommy brått tilbake til det verkelege livet. Tommy vert ein offentleg sensasjon og oppnår ein guru-liknande status. Han tar så på seg rolla som ein slags messiasfigur og leiar tilhengjarane sine til ei liknande oppvakning som han hadde. «Sally Simpson» - Ein av disiplane til Tommy, Sally, er ei prestedotter som snik seg heimanfrå for å delta på ei av preikene til Tommy. Ho prøver til slutt å ta på han, men vert kasta frå scenen av vaktene og får eit sår i andletet. «I'm Free» - Tommy prøver å opplyse dei som høyrer på preika hans andeleg. Alle seinare utgåver (bortsett frå Live at Leeds) plasserer denne songen like etter «Smash the Mirror» som ein direkte reaksjon på kureringa hans. «Welcome»/«Tommy's Holiday Camp» - Tommy opnar heimen sin til alle som vil slå seg saman med han og ber innstendig alle om å ta med seg så mange folk som dei kan. Huset hans vert rask fullt, så han byggjer ein ferieleir for å ta imot alle saman. Onkel Ernie driv leirane og det vert indikert at han gjer dette for å tene pengar og ikkje for at folk skal verte andeleg opplyste.