Who's Next er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 31. juli 1971 på Decca og MCA i USA og 25. august 1971 i Storbritannia på Track og Polydor. Albumet har opphavet sitt i ein rockeopera av Pete Townshend kalla Lifehouse. Det ambisiøse og kompliserte prosjektet vart aldri realisert og i staden vart mange av songane for prosjektet omskrive og gjeve ut som Who's Next.

Åtte av ni songar på Who's Next var frå Lifehouse. Det einaste unntaket var John Entwistle sin «My Wife». Etter kvart vart alle songane frå Lifehouse gjeven ut på andre album gjennom 70-åra.

The Who spelte inn Who's Next i lag med lydteknikaren Glyn Johns. Etter å ha produsert songen «Won't Get Fooled Again» i Rolling Stones Mobile Studio, flytta dei til Olympic Studios for å spele inn og mikse det meste av dei andre songane der. Dei brukte mykje synthesizer på albumet, særskild på «Won't Get Fooled Again» og «Baba O'Riley», som begge kom ut på singlar. Fotografiet på framsida av omslaget vart teken av Ethan Russell; og var ein referanse til monolitten i filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968.

Who's Next var eit kritikarrost album og ein stor kommersiell suksess. Det har sida blitt rekna som det beste Who-albumet og eit av dei beste gjennom tidene.

Lifehouse Albumet har røtene sine i Lifehouse-prosjektet, som Pete Townshend fleire gonger har skildra som ein futuristisk rockeopera, eit konseptalbum innspelt under ein konsert som skulle brukast til eit filmprosjekt. Prosjektet viste seg å verte vanskeleg å handsame på fleire nivå og førte både til indre gnissingar i bandet og til at Townshend og produsenten til The Who, Kit Lambert vart uvener. Fleire år seinare skreiv Townshend i omslaget til CD-utgåva av albumet at prosjektet nesten førte han ut i eit sjølvmordarisk nervøst samanbrot.

Etter å ha gjeve opp innspelinga av nokre av songane til Lifehouse i New York, gjekk The Who tilbake til studio i lag med den nye produsenten Glyn Johns og starta på nytt. Sjølv om Lifehouse-konseptet vart forlate, finst restane av prosjektet i albumet. Den første tekstlinja i songen «Pure and Easy», som Townshend skildra som midtpunktet i Lifehouse, kjem til syne i slutten på songen «The Song Is Over». Eit tidleg konsept for Lifehouse var mellom anna å føre persondata frå medlemmer i publikum inn i ein boks knytt til ein tidleg analog synthesizer for å skape eit musikalsk spor. Det vert ofte trekt fram at det var ved å setje inn persondataa til Meher Baba at ein fekk bakgrunnssporet til «Baba O'Riley», men i røynda var det Townshend som spelte eit Lowrey-orgel.Pete's Equipment, Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1 Då bandet gav seg med det opphavlege prosjektet fekk dei derimot ein ny fridom til å få det maksimale ut av kvart enkelt spor, utan tanke på det overliggande musikalske temaet eller historia i Lifehouse-soga.

Sjølv om han gav opp dei opphavlege planane for Lifehouse-prosjektet, heldt Townshend fram med å utvikle konseptet, og kom tilbake til dei på seinare album. I 2006 opna han nettsida The Lifehouse Method der ein kunne leggje inn persondata og lage eigne musikalske portrett.

Innspeling og produksjon mini|Det meste av Who's Next vart spelt inn i Olympic Studios i Barnes med Glyn Johns. Den første innspelinga for det som vart Who's Next var heime hos Mick Jagger, Stargroves, i byrjinga av april 1971 ved hjelp av Rolling Stones Mobile. Akkompagnementet for «Won't Get Fooled Again» vart spelt inn der før bandet valde å flytte til Olympic etter forslag frå Johns. Den første innspelinga var 9. april, då dei spelte inn eit enkelt opptak av «Bargain». Mesteparten av innspelinga gjekk føre seg i mai, då gruppa spelte inn «Time is Passing», «Pure and Easy», «Love Ain't for Keeping» (som hadde blitt omarbeidd frå eit rockespor til eit akustisk arrangement), «Behind Blue Eyes», «The Song Is Over», «Let's See Action» og «Baba O'Riley». Nicky Hopkins var gjesteartist på piano, medan Dave Arbus vart invitert av Moon til å spele fiolin på «Baba O'Riley». John Entwistle sin «My Wife» vart lagt til på albumet seint i prosessen etter at han opphavleg var meint for eit soloalbum..

I motsetnad til The Record Plant- og Young Vic-innspelingane, gjekk innspelingane med Johns bra, sidan han hovudsakleg prøvde å få så god lyd som mogeleg, medan Lambeert alltid var meir uroa over imaget til gruppa. Townshend sa «me vart forbausa over lydane Glyn skapte». Townshend brukte ein tidleg synthesizer og modifiserte lydar på forskjellige måtar: som ein bordun-effekt på fleire songar, særskild «Baba O'Riley» og «Won't Get Fooled Again», i tillegg til «Bargain», «Going Mobile» og «The Song Is Over». Synthesizeren var brukt som ein viktig del av lydbiletet i motsetnad til berre å kaste glans over musikken, slik mange andre artistar gjorde på denne tida. Trommespelinga til Moon har ein markant anna stil enn tidlegare album og han var meir formell og mindre avhengig av lange tromme-fills på grunn av synthesizer-akkompagnementet, men òg på grunn av produksjonsteknikken til Johns, som insisterte på gode framføringar der dei berre brukte ornamenteringar der det var trong for det. Johns klarte òg å overtyde The Who om at dei berre burde gje ut eit enkelt album, og meinte at songane var glimrande. Gruppa gav han frie tøyler til å setje saman eit enkeltalbum med dei songane han ønskte i den rekkjefølgja han ønskte. Trass i dei viktige bidraga til Johns, vart han berre oppført som med-produsent på det ferdige albumet, men hevda sjølv han berre fungerte som lydteknikar og baserte dei fleste arrangementa på dei originale demoane til Townshend.

mini|left|Ein ARP-synthesizer som likna den brukt på Who's Next Albumet opnar med «Baba O'Riley», med piano og synthesizer-prosessert Lowrey-orgel av Townshend. Tittelen på songen er ei hyllest til guruen til Townshend, Meher Baba, og minimalist-komponisten Terry Riley (og vert uformelt kalla «Teenage Wasteland» frå ei tekstlinje i songen). Orgelsporet kom frå ein lengre demo av Townshend, der delar vart nytta på eit hyllestalbum til Baba kalla I Am, som vart korta ned for den endelege innspelinga. Townshend sa seinare at denne delen hadde «to eller tre tusen redigeringar». Opningsteksten på det neste sporet, «Bargain», «I'd gladly lose me to find you», kom frå eit uttrykk nytta av Baba. Entwistle skreiv «My Wife» etter ein krangel med kona og overdreiv konflikten i teksten. Songen inneheld fleire lag av massingblåseinstrument spelt inn i løpet av ein halvtime. «Pure and Easy», er eit viktig spor frå Lifehouse, som ikkje kom med på det endelege albumet, men opningslinja vart inkludert som eit coda i «The Song is Over».

«Behind Blue Eyes» består av ein tredelt harmonisong av Daltrey, Townshend og Entwistle og vart skriven for hovudantagonisten i Lifehouse, Brick. Moon var ikkje med på den første halvdelen av songen, og Who-biografen Dave Marsh sa seinare at det var «den lengste tida Keith Moon var stille i heile livet sitt.» Avslutningssporet, «Won't Get Fooled Again», var kritisk til revolusjonar. Townshend forklarte: «ein revolusjon er berre ein revolusjon i det lange løpet og mange folk vert såra». Songen består av eit Lowrey-orgel gjennom ein ARP-synthesizer, som kom frå originaldemoen til Townshend og vart nytta om att for det endelege sporet.

Plateomslaget Plateomslaget syner eit bilete teken ved Easington Colliery av bandet som nettopp har urinert på ein stor betongpåle som stikk opp av ein slagghaug. I følgje fotografen Ethan A. Russell klarte ikkje dei fleste av bandmedlemmene å urinere, så dei måtte tømme regnvatn frå ein boks i stadenfor. I 2003 kåra BBC omslaget på Who's Next som det neste beste plateomslaget gjennom tidene.

Eit alternativt omslag synte trommeslagar Keith Moon kledd i svart dameundertøy med ein pisk i handa og ein brun parykk.Plateomslaget til Who's Next frå 1995

Utgjeving mini|The Who i Charlotte i Nord-Carolina, kort tid etter Who's Next kom ut. Den første singelen frå albumet, «Won't Get Fooled Again» (korta ned til tre og eit halvt minutt) kom ut 25. juni 1971 i Storbritannia og juli i USA før albumet kom ut. Det nådde høvesvis niande og femtandeplassen på albumlistene. Albumet kom ut 14. august i USA og 27. august i Storbritannia. Det vart det einaste albumet til The Who som toppa albumlista i heimlandet.

The Who byrja å turnere i USA like før albumet kom ut. Gruppa brukte eit Lifehouse-PA, sjølv om lydmannen Bob Pridden meinte at dei tekniske krava til utstyret var for kompliserte. Setlista vart endra og sjølv om det inneheld songar frå Tommy, vart fleire nye songar frå, som «My Wife», «Baba O'Riley» og «Won't Get Fooled Again» konsertfavorittar. På dei to sistnemnde spelte bandet over eit lydopptak av synthesizer-delane. Turneen flytta over til Storbritannia i september, inkludert ein konsert på The Oval i Kennington føre 35 000 menneske, og opningskonserten i Rainbow Theatre i Finsbury Park, før dei drog attende til USA, der turneen enda i Seattle den 15. desember. Gruppa tok så ein åtte månader lang turnépause, den lengste pausen i karrieren deira til då.

Fleire andre songar som vart spelte inn under Who's Next-innspelinga vart seinare gjevne ut på singlar eller samlealbum. «Let's See Action» kom ut på singel i 1971, etterfølgd av «Join Together» i juni 1972 og «Relay» i november. «Pure and Easy», «Put the Money Down» og «Too Much of Anything» kom ut på albumet Odds & Sods, medan «Time is Passing» vart lagt til CD-utgåva frå 1998. Ein versjon av «Baby Don't You Do It» vart spelt inn og den lengste versjonen av denne finst på luksusutgåva av albumet.

Albumet har blitt gjevne ut på ny fleire gonger med ommastringa med lydband frå forskjellige innspelingar. Ein trur masterlydbandet for Olympic-innspelinga er gått tapt, sidan Virgin Records kasta mange av dei gamle innspelingane då dei kjøpte studioet i 1980-åra. Videospelselskapet Harmonix ønskte å gje ut Who's Next som nedlastbar, spelbart innhald for spelet Rock Band, men klarte det ikkje då dei ikkje fann dei originale fleirsporsinnspelingane. I staden sette dei saman ei samling av Who-songar. 16-sporslydbandet til «Won't Get Fooled Again» og 8-sporsbandet til andre songar, utanom «Bargain» og «Getting In Tune» er sidan blitt oppdaga.

Mottaking og ettermæle

I ei melding for The Village Voice i 1971 kalla musikkritikaren Robert Christgau Who's Next «det beste hardrockalbumet på fleire år» og meinte at dei tidlegare innspelingane deira vart øydelagd av ein tynn lyd, medan gruppa no «oppnådde den same klangfulle nærleiken i studio som dei fekk til på scenen». Billy Walker frå Sounds trekte fram songane «Baba O'Riley», «My Wife» og «The Song Is Over», og skreiv, «Etter den unike og glimrande Tommy måtte dei tenkje ut noko spesielt og at dei slo seg til ro med eit beintfram album i staden for ein lang rockeopera seier mykje om motet og oppfinnsomheita deira.» Magasinet Rolling Stone og John Mendelsohn meinte at trass i at albumet var noko seriøst og kunstaktig, var rocken her «intelligent, fantastisk framført og glimrande produsert, og stundom til og med opphissande». Mot slutten av 1971 vart plata kåra til årets album i den årlege Pazz & Jop-undersøkinga blant amerikanske kritikarar, publisert i The Village Voice.