Austre valkrins (nordsamisk: Nuortaguovllu válgabiire, bokmål: Østre valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no Krinsen vert også kalla valkrins 1. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var det 2 303 personar som var registrerte i manntalet i området.

Krinsen femner kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik i Finnmark fylke.

Ved valet i 2017 vart det vald inn inn fem sametingsrepresentantar frå krinsen.Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019. Sametinget skal til saman ha 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.«Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget Austre valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Varanger valkrins, med Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommunar og Tana valkrins, med Tana, Berlevåg og Gamvik kommunar, i tillegg til Lebesby kommune som tidlegare høyrde til Porsanger valkrins.Sametingsvalget 2009: «1. Nuortaguovllu válgabiire/Østre valgkrets»

Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2017 i Austre valkrins Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.

Árja Arbeidarpartiet Framstegspartiet Høgre Norske Samers Riksforbund/Samefolkets parti (fellesliste) Samedemokratene og Šiella Samenes Folkeforbund Senterpartiet

Referansar

Bakgrunnsstoff FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa

Kategori:Finnmark fylke Kategori:Sametingsval Kategori:Valkrinsar i Noreg