Sør-Noreg valkrins (nordsamisk Lulli-Norgga válgabiire, bokmål Sør-Norge valgkrets) er ein valkrins ved sametingsvala i Noreg.Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven). på nettstaden lovdata.no Krinsen femner Noreg sørom Sør-Trøndelag, utom kommunane Rindal, Sunndal og Surnadal i Møre og Romsdal fylke og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal i Hedmark fylke, som høyrer til Sørsamisk valkrins.
Krinsen vert også kalla valkrins 7. Til og med Sametingperioden 2005-2009 vart krinsen kalla valkrins 13.
Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførte i manntalet til Sametingsvalet. I 2017 var 2894 personar registrerte i manntalet i området.
I 2017 var det vald inn seks sametingsrepresentantar frå krinsen.Mandatfordelingen. Sametinget. Henta frå https://www.sametinget.no/Valg/Valgordningen-og-valgkretsene den 25.2.2019. Sametinget skal til saman ha 39 representantar.
Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.«Ny valgordning» på nettstaden til Det norske sametinget Sør-Noreg valkrins er ved endringa av krinsordninga skoren ned med åtte kommunar mot nord, det gjeld Surnadal, Sunndal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke og Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Desse kommunane er frå valet i 2009 overførte til Sørsamisk valkrins.Sametingsvalget 2009: «7. Lulli-Norgga válgabiire/Sør-Norge valgkrets» på nettstaden til NRK Sameradioen
Sametingsvalet i 2017 Desse partia og vallistene stilte til Sametingsvalet i 2017 i krinsen.
Arbeidarpartiet Árja Framstegspartiet Høgre Nordkalottfolket Norske samers riksforbund Samefolkets Parti Senterpartiet Šiella
Sametingsvalet i 2009 Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2009 i krinsen.«Sametingsvalget - Her er alle kandidatene» på nettstaden til NRK Sameradioen
Árja Arbeidarpartiet Høgre Norske Samers Riksforbund Samefolkets parti Samer bosatt i Sør-Norge Samenes Folkeforbund
Sametingsvalet i 2005 Ved Sametingsvalet i 2005 stilte desse partia og vallistene i krinsen:
Arbeidarpartiet«Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge» Norske Samers Riksforbund«Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge» Samenes Folkealianse«Valgliste for Samenes Folkeallianse i Sør-Norge» Samefolkets parti«Valgliste for Samefolkets parti i Sør-Norge» Samer bosatt i Sør-Norge«Valgliste for Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Norge» Sosialistisk Venstreparti«Valgliste for Sosialistisk Venstreparti i Sør-Norge»
Det vart innvald fire representantar til Sametinget frå krinsen. Det eine mandatet vat eit utjamningsmandat.
Sametingsrepresentantar for Sør-Norge valkrins i perioden 2005-2009 har vore Rita-Alise Porsanger for Norske Samers Riksforbund, Jørn Are Gaski for Arbeidarpartiet, Johan Mikkel Sara for Samer bosatt i Sør-Norge og Kirsti Guvsám for Norske Samers Riksforbund.«Representanter og vararepresentanter 2005 - 2009» på nettstaden til Det norske sametinget
Sametingsvalet i 2001 Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 2001 i krinsen.
Arbeidarpartiet«Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge» Norske Samers Riksforbund«Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge» Samefolkets parti«Valgliste for Samefolkets parti i Sør-Norge» Samer bosatt i Sør-Norge«Valgliste for Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Norge» Samenes Valgforbund«Valgliste for Samenes Valgforbund i Sør-Norge» Senterpartiet«Valgliste for Senterpartiet i Sør-Norge»
Sametingsvalet i 1997 Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1997 i krinsen.
Arbeidarpartiet«Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge» Norske Samers Riksforbund«Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge» Samedemokratene«Valgliste for Samedemokratene i Sør-Norge» Samenes Valgforbund«Valgliste for Samenes Valgforbund i Sør-Norge»
Sametingsvalet i 1993 Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1993 i krinsen.
Arbeidarpartiet«Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge» Borgerlig fellesliste Sør-Norge«Valgliste for Borgerlig fellesliste Sør-Norge i Sør-Norge» Norske Samers Riksforbund«Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge» Samelista i Sør-Norge«Valgliste for Samelista i Sør-Norge i Sør-Norge»
Sametingsvalet i 1989 Parti og vallister som stilte til Sametingsvalet i 1989 i krinsen.
Arbeidarpartiet«Valgliste for Det norske Arbeiderparti i Sør-Norge» Norske Samers Riksforbund«Valgliste for Norske Samers Riksforbund i Sør-Norge» Samenes Folkeallianse«Valgliste for Samenes Folkeallianse i Sør-Norge»
Referansar
Bakgrunnsstoff FOR 2008-12-19 nr 1480: Forskrift om valg til Sametinget på nettstaden lovdata.no Sametingsvalget 2009 – Rundskriv om endringer i valgbestemmelsene i sameloven og forskrift om valg til Sametinget på nettstaden til Den norske regjeringa
Kategori:Akershus fylke Kategori:Aust-Agder fylke Kategori:Buskerud fylke Kategori:Hedmark fylke Kategori:Hordaland fylke Kategori:Møre og Romsdal fylke Kategori:Oppland fylke Kategori:Oslo Kategori:Rogaland fylke Kategori:Sametingsval Kategori:Sogn og Fjordane fylke Kategori:Telemark fylke Kategori:Valkrinsar i Noreg Kategori:Vest-Agder fylke Kategori:Vestfold fylke Kategori:Østfold fylke