The Who by Numbers er det sjuande albumet til det engelske rockebandet The Who, utgjeve den 3. oktober 1975. Det vart kåra til det tiande beste albumet dette året av The Village Voice sin Pazz & Jop kritikaravstemming.Robert Christgau: Pazz & Jop 1975: Critics Poll

Historie Utan den massive strukturen og ambisjonane som låg dei meir kjende verka til bandet, Tommy og Quadrophenia, står låtskrivinga til Pete Townshend for seg sjølv i den sparsame og mørke The Who by Numbers. Her er ikkje syntheziserar eller lag på lag med lydspor. I staden finn ein skildringar om alkoholisme, begjær og avsky for seg sjølv, samt dei mørke sidene av snikande mellomalderen og frykt for å verte irrelevant. På «They Are All In Love» klagar Townshend: «Hey goodbye all you punks, stay young og stay high / Hand me my checkbook while I crawl off to die». Slike tema strekkjer seg frå det håplause refrenget på «However Much I Booze» (sungen av Townshend, sidan Roger Daltrey fann han for personleg), «There ain't no way out» («Det finst ingen utveg»), til det desillusjonerte spørsmålet, «How many friends have I really got?» («Kor mange vener har eg eigentleg?»)

Eit par spor står i kontrast til dette, som singelen og hitten «Squeeze Box» og «Blue, Red and Grey» med tekstlinja «I like every minute of the day» («Eg likar kvart minutt av dagen»). Songen til John Entwistle, «Success Story», går tilbake til eit like fortvilt og kynisk syn på stjernelivet som resten av plata. På «In a Hand or a Face» kan ein høyre tekstmessige og musikalske tema frå Who-songar frå 60-talet og songen er ein uventa heftig avslutning på albumet.

Omslaget på albumet er ei teikning av John Entwistle, teikna som ein del av ein teikneserie om The Who.

Utgjeving og mottaking

The Who by Numbers nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart og åttandeplassen på Billboard 200 i USA. «Squeeze Box» vart òg ein topp 20-hit i både Storbritannia og Amerrika, men oppfølgjaren «Slip Kid» nådde ikkje listene.

Rolling Stone-melsinga av The Who by Numbers sa: «Dei kan ha laga det beste albumet sitt i møtet med dei personlege problema sine, men berre tida vil avgjere dette.»

Innhald

Bonusspora frå 1996-utgåva vart spelt inn på ein konsert i Swansea Football Ground den 12. juni 1976.

Salslister Album ÅrListePlassering1975Billboard Pop Albums81975UK Albums Chart7

Singlar ÅrSingelListePlassering1976«Squeeze Box»Billboard Pop Singles161976«Squeeze Box»UK Singles Chart10

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull10. desember 1975RIAA – USAPlatina8. februar 1993

Medverkande The Who Roger Daltrey – vokal, munnspel John Entwistle – bassgitar, 8-strengsbass, blåsarar, tangentinstrument, vokal, solovokal på mellomspelet på «Success Story» Keith Moon – trommer, perkusjon Pete Townshend – gitar, tangentinstrument, ukulele, trekkspel, banjo, vokal, solovokal på «However Much I Booze», «Blue, Red and Grey» og mellomspelet på «Success Story»

Andre Nicky Hopkins – piano, tangentinstrument

Produksjon Glyn Johns – produsent, lydteknikar, miksing Jon Astley – nymiksing Chris Charlesworth – leiande produsent Bill Curbishley – leiande produsent Richard Evans – design Doug Sax - mastering Bob Ludwig – ommastering Robert Rosenberg – leiande produsent John Swenson – notat i omslaget Chris Walter – fotografi

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Who by Numbers» frå , den 4. juli 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Gitartablatur

Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:The Who-album Kategori:Album produserte av Glyn Johns Kategori:MCA Records-album Kategori:Polydor Records-album