Vest-cree-abugidaen, populært kalla vest-cree-stavingsalfabetet, er ein variant av abugidaen for cree og inuktitut, som blir nytta for å skrive prærie-cree (engelsk Plains Cree), skog-cree (engelsk Woods Cree) og vestlege dialektar av myr-cree (engelsk Swampy Cree. Den blir nytta for å skrive cree-dialektar grovt rekna vestanfor grensa mellom dei kanadiske provinsane Manitoba og Ontario.

Skriftsystemet for cree er ein abugida, i og med at konsonantane alltid blir uttrykte med same symbol, t.d. eit v-forma teikn for p, som så blir modifisert (her snudd rundt på) for å markere ulike konsonant-vokal-kombinasjonar. Abugidaer skil seg frå ekte stavingsalfabet ved at stavingsalfabeta, som t.d. cherokeealfabetet, har ulike symbol for kvar staving.

Grunnprinsipp Dei fleste symbola i vest-cree-abugidaen står for ei sekvens av konsonant pluss vokal, til dømes ᐱ pi og ᑎ ti. Ved å snu desse symbola i ulike retningar får ein fram ulike vokalar, slik at ᐳ står for po, ᐯ for pē og ᐸ for pa (og tilsvarande for dei andre konsonantane). Ved å setje ein prikk over ᐱ pi, ᐳ po og ᐸ pa får vi lange vokalar: ᐲ pī, ᐴ pō og ᐋ pā. (Det trengst ikkje prikk på ᐯ pē, sidan det ikkje finst nokon kort e.) Det finst òg eigne bokstavar for vokalar utan konsonant føre, nemleg ein trekant som blir snudd på same måten, ᐃ i, ᐅ po, ᐁ ē, ᐊ a, og som har ein prikk over for vokallengd: ᐄ ī, ᐆ ō og ᐋ ā.

Bokstavane må delast i symmetriske og asymmetriske, for variasjonen i vokalar kjem fram på litt forskjellige måtar ved dei to typane. Symmetriske bokstavar snur ein stegvis 90°, som alt vist ovanfor:

| || ᐃ || ||   || || i || ||        | || ᐱ || ||   || || pi || ||        | || ᑎ || || || || ti || |- | ᐊ || || ᐅ || || a || || o ||   | ᐸ || || ᐳ || || pa || || po ||   | ᑕ || || ᑐ || || ta || || to |- | || ᐁ || || || || e || ||   | || ᐯ || || || || pe || ||   | || ᑌ || || || || te ||

Ved asymmetriske bokstavar går ein fram på ein litt annan måte. Dels snur ein bokstavane 180°, dels spegelvender ein dei:

| ᑭ || ᑫ ||   || ki || ke ||   | ᒋ || ᒉ ||   || ci || ce || | ᒥ || ᒣ ||   || mi || me || | ᓂ || ᓀ ||   || ni || ne || | ᓯ || ᓭ ||   || si || se || | ᔨ || ᔦ ||   || yi || ye || |- | ᑲ || ᑯ ||   || ka || ko ||     | ᒐ || ᒍ ||   || ca || co ||     | ᒪ || ᒧ ||   || ma || mo ||     | ᓇ || ᓄ ||   || na || no ||     | ᓴ || ᓱ ||   || sa || so ||     | ᔭ || ᔪ ||   || ya || yo ||    

Ein prikk etter ein bokstav symboliserer at det kjem ein w føre vokalen. Medan ᐁ står for ē, står ᐍ for wē, og medan ᐯ står for pē, står ᐻ for pwē. (I aust-cree-stavingsalfabetet står prikken føre bokstaven.)

Det finst eigne bokstavar for konsonantar som står i slutten av ei staving, utan vokal etter seg. Desse bokstavane er kalla finale i tabellen nedanfor.

Bokstaven ᐦ står for h. Denne bokstaven blir nytta finalt, men blir òg sett føre vokalbokstavane, som i ᓀᐦᐃᔭᐍᐏᐣ nēhiyawēwin 'cree-språket'.

Dialektskilnader Det er to fonologiske skilnader mellom prærie-cree og skog-cree som får fylgjer for korleis alfabetet blir nytta: Proto-algonkinsk *r har blitt til y i prærie-cree og til th [ð] i skog-cree. Th blir skriven med bokstavar som er modifiserte utgåver av bokstavane i y-serien. Proto-algonkinsk *ī og *ē har blitt til ī og ē i prærie-cree, men har falle saman i ī i skog-cree. I skog-cree blir stavingar med vokalen ī skrivne med bokstavar frå ē-serien. Til dømes står då ᑫ for kē i prærie-cree og for kī i myr-cree. Ī-serien blir med andre ord ikkje nytta i myr-cree.

Inventar + Tabell over bokstavane i vest-cree-abugidaenInitiale VokalarFinale ē i o a ī ō ā ᐁ ᐃ ᐅ ᐊ ᐄ ᐆ ᐋ p ᐯ ᐱ ᐳ ᐸ ᐲ ᐴ ᐹ ᑊ t ᑌ ᑎ ᑐ ᑕ ᑏ ᑑ ᑖ ᐟ k ᑫ ᑭ ᑯ ᑲ ᑮ ᑰ ᑳ ᐠ c ᒉ ᒋ ᒍ ᒐ ᒌ ᒎ ᒑ ᐨ m ᒣ ᒥ ᒧ ᒪ ᒦ ᒨ ᒫ ᒼ n ᓀ ᓂ ᓄ ᓇ ᓃ ᓅ ᓈ ᐣ s ᓭ ᓯ ᓱ ᓴ ᓰ ᓲ ᓵ ᐢ y ᔦ ᔨ ᔪ ᔭ ᔩ ᔫ ᔮ ᐩ (ᐝ)¹ th ᖧ ᖨ ᖪ ᖬ ᖩ ᖫ ᖭ ‡² w ᐍ ᐏ ᐓ ᐘ ᐑ ᐕ ᐚ ᐤ h ᐦᐁ ᐦᐃ ᐦᐅ ᐦᐊ ᐦᐄ ᐦᐆ ᐦᐋ ᐦ hk³ ᕽ l 4 ᓬ r 4 ᕒ

Notar: Final y blei opphavleg skriven med eit heva punkt, men det meir tydelege symbolet ᐩ blir no nytta i staden. Symbolet ‡ blir nytta i myr-cree-språket for ein final th [ð], men det er ikkje Unicode-standard. hk er ei veldig vanleg ord-final konsonantgruppe, fordi ho er ein del av suffikset som uttrykkjer kasuset lokativ, og har difor sin eigen bokstav. l og r finst berre i lånord i vestlege cree-dialektar. I ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for desse konsonantane; jamfør avsnittet Romersk-katolske tillegg nedanfor.

Romersk-katolske tillegg

I ein romersk-katolsk variant av alfabetet finst det fulle seriar for lånords-konsonantane l og r:

+ Romersk-katolske tilleggInitiale VokalarFinale ē i o a r ᖊ ᖋ ᖌ ᖍ ᙆ l ᕃ ᕆ ᕊ ᕍ ᔆ

Vest-cree-abugidaen i dataalderen Den kanadiske abugidaen er representert i Unicode, i området frå Ux1401 til Ux1676.

Kategori:Abugidaer Kategori:Prærie-cree-språket