InkaLill eller Ingalill Røsberg () er ein norsk teikneserieskapar som er mest namngjeten for fantasyteikneseriane sine. InkaLill er oppvaksen i Ullensvang i Hardanger, men bur på Flatåsen i Trondheim, og er medlem av Trondheimstegnerne.

Ho er utdanna biletkunstnar ved Statens handverks- og kunstindustriskule 1977 – 79 og Statens Kunstakademi 1979 – 83. Utover teikneseriearbeidet sitt arbeider InkaLill også som illustratør.

InkaLill har mellom anna laga teikneseriane Eldflygaren (gjekk som føljetong i Norsk Barneblad), Felina, Ridderne av Dor og Miranda.

Fantasy-serien Ridderne av Dor vart i åra 1992–2000 utgjeven i 7 bind av Bladkompaniet. Til då var dette den største satsinga på albumutgjevnad av ein ny, norsk teikneserie.

Miranda er eitt av dei mest ambisiøse norske teikneserieprosjekta nokonsinne; eit fantasy-epos i 24 bind med høg kvalitet; også når det gjeld trykk og innbinding. Det var opphavleg meininga at Miranda skulle koma ut to gonger i året, og dermed gjennomførast på tolv år. Våren 2009 var foreløpig seks bind utgjevne på Westwind forlag, seks år etter det fyrste bindet frå 2003.

Utmerkingar

Sproingprisen 1992, for Hjertets knekt (Ridderne av Dor 1) Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 1995, for Felina Sproingprisen 1996, for Lovens bokstav (Ridderne av Dor 4) Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 1997, for Keiser Overall (Ridderne av Dor 5) Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 2000, for Tidens trapp (Ridderne av Dor 7) Kultur- og kirkedepartementets tegneseriepris for barne- og ungdomslitteratur 2003, for Fargenes mester (Miranda 1)

Kjelder

Artikkelen byggjer på «InkaLill» frå , den 7. juli 2009. Liste over litteraturprisar for barne- og ungdomslitteratur InkaLill sine heimesider Teikneserieblogg av InkaLill Intervju med InkaLill på adressa.no

Kategori:Norske teikneserieskaparar Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Folk frå Trondheim