Språkhistorie i prærie-cree beskriv ein del viktige fonologiske endringar frå proto-algonkinsk til prærie-cree-språket. Fleire av endringane som er omtala, er sams for alle dialektar av cree-montagnais-naskapi-språket, og det er nemnt når ei endring berre har skjett i prærie-cree-språket.

Vokalar Vokalsystem Denne tabellen viser tilhøvet mellom vokalsystemet i proto-algonkinsk og prærie-cree. Som ein ser, er den einaste endringa at dei korte proto-algonkinske vokalane *e og *i har falle saman i i:

+ VokalarProto-algonkinsk i e a o ii ee aa oo Prærie-cree i a o ī ē ā ō Her er nokre ord som viser samsvaret mellom vokalane dei to språkstadia:

Apokope Ein viktig fonologisk skilnad mellom proto-algonkinsk og prærie-cree er at ordfinale proto-algonkinske vokalar har falle bort:

– bortsett frå når resultatet ville bli eit einstavingsord:

Dei proto-algonkinske halvvokalane *w og *y fell bort om dei blir ståande ordfinalt etter apokopen, som i *šekaakwa 'skunk' > sikāk og *neʔɬemya 'verdotter mi' > nistim. W blir ståande når eit bøyingssuffiks kjem etter, som i proksimat pluralis sikākwak 'skunkar', medan det ikkje er spor etter proto-algonkinsk *y i proksimat pluralis nistimak 'verdøtrene mine'.

Konsonantar Konsonantsystem Denne tabellen viser tilhøvet mellom konsonantsystemet i proto-algonkinsk og prærie-cree, når ein held konsonantgrupper utanfor:

+ Konsonantar Proto-algonkinsk p t ɬ č k s š h m n w y r Prærie-cree p t c k s h m n w y

Proto-algonkinsk *ɬ og *t Proto-algonkinsk *ɬ og *t har falle saman i t (men føre annan konsonant har han blitt til s, jamfør avsnittet Konsonantgrupper nedanfor). Føre *i og *ii har både *ɬ og *t blitt til c – men ikkje føre *e og *ee:

Proto-algonkinsk *s og *š Skiljet mellom proto-algonkinsk *s og *š må ha overlevt til proto-cree-montagnais-naskapi, for det finst framleis i mange dialektar av cree-montagnis-naskapi-språket, men i prærie-cree har dei falle saman i s:

Proto-algonkinsk *r og *y Proto-algonkinsk *r må ha overlevt til proto-cree-montagnais-naskapi, for han har utvikla seg forskjellig i ulike dialektar. Eit særdrag ved prærie-cree er at proto-algonkinsk *r og *y har falle saman i y:

Konsonantgrupper Proto-algonkinske konsonantgrupper med nasal pluss plosiv har blitt til h pluss plosiv i prærie-cree, mellom anna *nt > ht og *nk > hk:

Proto-algonkinsk *ʔ har blitt til s fyrst i konsonantgrupper, mellom anna *ʔp > sp, *ʔt > st, *ʔk > sk og *ʔɬ > st:

Komparativ liste

Kategori:Prærie-cree-språket