Vines er ei grend i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Vines ligg på Folgefonnhalvøya mellom Utne og Herand, og er ei av mange fruktbygder i Ullensvang. Fylkesveg 550 går gjennom Vines og strekkja er del av Nasjonal turistveg Hardanger.Nettstaden turistveg.no

Grenda har eige grannahus og bedehus,Kulturminne i Ullensvang på nettstaden til Ullensvang herad og hadde tidlegare også daglegvarebutikk. Barneskulen Vines skule, med 29 elevar skuleåret 2008/2009, låg òg på Vines, men vart nedlagt som skule 2011. Ungane frå og med Utne til og med grensa mot Jondal kommune gjekk fyrste til sjuande klassesteg på Vines skule, no går dei på Hauso skule.

Vines fekk eige postkontor i 1881, men fyrst i 1887 fekk det eige datostempel, to rings av vanleg type. Rasjonaliseringa til Posten førte til at Vines postkontor vart nedlagt i 1974. Tidlegare var det også anløp for dampskip her.Poststaddatabasen til Postmuseet på Maihaugen

Referansar

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Vines bygdalag

Kategori:Busetnader i Ullensvang Kategori:Bygder i Vestland