mini|Flagget til Sac og fox-nasjonen mini|Fox-hovdingen Kee-shes-wa, måla av den amerikanske målaren Charles Bird King (1785–1862). Fox-språket eller meskwaki er eit algonkinsk språk som blir tala av om lag 250 medlemer av fox-sac-folket (også kalla meskwaki, meskwahki og meshkwahkiaki 'raudjordsfolket'), ei etnisk gruppe på om lag 750. Fox-språket blir rekna som ein dialekt av fox-sac-kickapoo. Mange bur i Meskwaki Settlement i Tama County i Iowa og i Sac and Fox Reservation i det sentrale Oklahoma.
Fonologi Fox-språket har fire korte og fire lange vokalar og ni konsonantar.Leonard Bloomfield 1925. «Notes on the Fox Language» i International Journal of American Linguistics 3:219-32.Leonard Bloomfield 1984. Fox – English Lexicon. (HRAFlex Books, NPS-001. Language and Literature Series: Native American Linguistics, 1.) Human Relations Area Files, Inc.: New Haven, Connecticut.
Dei fire vokal-fonema kan vere både korte og lange:
+ Vokalar Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda Trong i – ī Midtre e – ē o – ō Open a – ā
Konsonantar Språket har elleve konsonant-fonem:
+ Konsonantar Labial Alveolar Postalveolar Palatal Velar Glottal Plosiv/affrikat p t c k Frikativ s š h Nasal m n Halvvokal w y
Alle konsonant-symbola har same verdi som i IPA, bortsett frå c š y, som representerer høvesvis [ʧ ʃ j].
Mellom ein vokal og ein vokal eller halvvokal kan p t c k s š vere stemde, slik at dei er uttala [b d ʤ g z ʒ], medan dei elles er ustemde (og alltid usapirerte), det vil seie [p t ʧ k s ʃ].
Fox har desse konsonantgruppene: hp ht hc hk hm hn sk. I tillegg kan dei fleste einskildkonsonantane og konsonantgruppene fylgjast av halvvokalane w y. Alternativt kan hp ht hc hk analyserast som preaspirerte motsvar til p t c k, det vil seie som ʰp ʰt ʰc ʰk. Fotnotar
Meskwaki ved ethnologue.com
Bakgrunnsstoff Sac and Fox Nation Meskwaki ved ethnologue.com
Kategori:Algonkinske språk Kategori:Einskildspråk