mini|upright|Runestein i Jelling sett opp av Gorm den gamle for kona Thyra.
Gorm er eit mannsnamn danna som ei dansk kortform av det norrøne Guðþormr (Guttorm). Begge namna har norsk namnedag den 17. juli.
Guðþormr er sett saman av guð, goð, 'gudar', og þormr som kjem frå verbet þyrma, 'skåna, verna'.
Gorm er også eit keltisk ord som tyder 'blå'. Ein finn det i fjellnamn som Cairn Gorm og Meall Gorm i Skottland og Ben Gorm på Irland. Havområdet The Minch heiter Sruth nam Fear Gorm, 'straumen til blåmennene', på gælisk.
Namneberarar Gorm den gamle, dansk konge på 800-talet Gorm W. Decem Jensen (1886–1968), dansk gymnast og OL-deltakar Gorm Lybeck Kjernli (f. 1981), norsk stortingspolitikar Kjelder
Søk i Oxford Reference Online
Kategori:Mannsnamn Kategori:Danske førenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Kortnamn Kategori:Keltiske ord og uttrykk Kategori:Stadnamn