Katrine Tjølsen () er ein norsk sjakkspelar, kvinne-IM i sjakk (WIM), og såleis ein av dei beste kvinnelege sjakkspelarane Noreg har hatt. Ho har også vore ein av dei beste unge sjakkspelarane i Noreg uansett kjønn: Ho vann NM for kadettar (under 16 år) i 2007 og vart noregsmeister i sjakk for juniorar i 2010.

Noregsmeister i sjakk i kadettklassa, Junior-noregsmeister i sjakk og deltaking i eliteklassa Katrine Tjølsen var også ein av dei beste unge sjakkspelarane i Noreg uansett kjønn. Under Noregsmeisterskapen i sjakk på Hamar i 2007 vann ho kadettklassa (aldersklassa 14-16 år) berre 14 år gamalNorsk Sjakkblad nr 4 - 2007 side 15.

Og under Noregsmeisterskapen i sjakk i Fredrikstad i 2010 vann vart ho noregsmeister i sjakk for juniorar på overtydande vis. Ho leia frå start til mål, og fekk 7,5 poeng på 9 rundar, eit heilt poeng framom nestemann. Ho var dermed kvalifisert for øvste klasse i NM 2011, eliteklassa, og kamp om noregsmeistertittelen.Norsk sjakkblad nr 4 - 2010 side 10 Ho var den andre norske kvinna som klarte å kvalifisere seg for eliteklassa, den første var Silje Bjerke.

Katrine Tjølsen blei første kvinnelege norske spelar som vann eit parti i eliteklassa då ho under NM i 2011 i Oslo vann i første runde, og då ho vann også neste parti leia ho overraskande eliteklassa åleine. Etter kvart var motstanden hardare: Ho var rangert lavest av dei 18 elitespelarane, men kom til slutt på 13.-plass med 4 poeng av 9 moglege, godt over forventa skår.

WIM-tittel Ho oppnådde i 2008 den internasjonale tittelen Kvinne-FM i sjakk (WFM), og klarte i starten av november 2009 også krava til Kvinne-IM i sjakk (WIM).

Under Benidorm Open i Spania i mai 2009 tok Katrine Tjølsen si første innteikning i tittelen Kvinne-IM i sjakk (WIM) med 6 poeng på 10 rundar og ein ratingprestasjon på 2250Norsk Sjakkblad nr 3 - 2009 side 22-24. Ho tok den andre innteikninga i Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2009.Norsk Sjakkblad nr 4 - 2009 side 18-19 Den tredje kom under junior-VM i sjakk i Argentina i oktober 2009. Der var 6 poeng etter 8 rundar mot sterke motstandarar nok til ei innteikning teljande som 9 rundar. Til slutt i junior-VM blei ho nr 9, med 8 poeng på 13 rundar, ein ratingprestasjon på 2279 og eit WIM-napp på 13 parti.

Katrine Tjølsen blei dermed den femte norske WIM. Ho hadde eigen FIDE-rating på 2194 pr 1. november 2009, så det gode resultatet i junior-VM medførte også at ho passerte kravet om eigen rating på over 2200 med god margin. Verdssjakkforbundet FIDE kom med den offisielle utnemninga i byrjinga av januar 2010.FIDE-titlar tildelt under presidental board 1-2010

Deltaking for Noreg i sjakk-OL Ho deltok på fjerde bord for Noreg sitt kvinnelag under sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i 2008. Der gjorde ho eit godt resultat og tok 6 poeng av 9 moglege mot sterk motstand.Katrine Tjølsen sitt resultat i sjakk-OL hos Olimpbase Ho spelte på førstebord for Noreg i Sjakk-OL 2010, med 3 poeng på 10 parti.

Katrine Tjølsen har spelt for Bergens Schakklub. Ho har ikkje spelt turneringssjakk etter mars 2014.

Bakgrunnsstoff Katrine Tjølsen sitt ratingkort hos Verdssjakkforbundet FIDE Katrine Tjølsen sine parti hos Chessgames.com Katrine Tjølsen sine parti i Noreg hos NorBase

Kjelder Norsk Sjakkblad Olimpbase - nettstad med resultata frå alle sjakk-OL

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Kvinne-IM i sjakk Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar