Christian Christoph Andreas Lange () var ein norsk historikar.

Bakgrunn og utdanning Lange var fødd på Stabekk som son av gardbrukar Balthazar Michael Lange (1782-1812) og Ovidia Margrethe Christine Messel (1787-1883).

Etter artium i 1827 tok han til å studere teologi, og han tok teologisk embetseksamen i 1833. Men alt i studietida hadde han fått stor interesse for språk og historie. I 1834 vart han tilsett som lærar i religion, norsk, geografi og historie ved Søkadettskulen i Stavern. Den sterke interessa for historiske kjelder førte han til København for å studere arnamagnæanske handskrifter, og han publiserte fleire mindre arbeid i Samlinger til Det Norske Folks Sprog og Historie 1834-1837. Han gav ut kopiboka til Hannibal Sehested for året 1645. Han ivra for eit betre bokhandlarsystem og oppretta sjølv bokhandel i Fredriksvern. På slutten av 1830-talet gjorde han fleire studiereiser rundt i Noreg, Danmark og i Tyskland, og han arbeidde med å samle stoff om dei norske klostra. I 1843 fekk han stipend for dette arbeidet.

Virke I 1845 vart Lange utnemnd til riksarkivar. Det store verket hans om norske klostre gav han ut 1845-1847. Han høyrde til krinsen «den norske historiske skulen» rundt Rudolf Keyser, Carl Unger og P.A. Munch, og såg si rolle i å samle og gje ut historiske kjeldeskrift. Han tok initiativet til Diplomatarium Norvegicum, og hadde ansvaret for dei første fem banda. Han var òg mannen bak Norske Rigs-Registranter 1523-1660, men han døydde like før første bandet kom ut. Som riksarkivar var han oppteken av å ordne og strukturere arkiva. Han laga Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1856.

Han har fått ei gate i Oslo, Langes gate, oppkalla etter seg. Christian Lange fekk 9 born og mange etterkommarar, mellom dei er sonesonen fredsprisvinnaren Christian Lous Lange (1869-1938), og sonen hans, utanriksminister Halvard Lange (1902-1970).

Verk De norske Klostres Historie i Middelalderen (1845–47, 2. omarbeidd utgåve 1856)

Bakgrunnsstoff Norske samlinger, bd. 2, utgitt av Lange.

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske riksarkivarar Kategori:Folk frå Bærum