Rita er eit kvinnenamn danna som ei kortform av ulike namn.
Namnet er særleg kjend frå italiensk, og kan vera kort for namn som endar på -rita, til dømes Margarita eller Marita.
Rita namnedag den 27. juli i Noreg, den 6. mai i Sverige og den 17. februar i Finland. Varianten Riitta har finsk namnedag den 1. februar.
Bruk mini|Rita Ottervik er ein norsk ordførar fødd i 1966. Rita var mykje brukt i USA på 1900-talet, særleg rundt 1930, då over 0,45 % av nyfødde jenter fekk namnet. Bruken gjekk nedover frå slutten av 1940-talet.
Rita var blant dei mest brukte namna for norske jenter fødde først på 1960-talet. I 2009 var det 6 539 kvinner i Noreg som heitte Rita.
Namneberarar Rita Levi-Montalcini (f. 1909), italiensk medisinar og nobelprisvinnar Rita Hayworth (1918–1987), amerikansk skodespelar Rita Streich (1920-1987), tysk songar Rita Moreno (f. 1931), puertoricansk skodespelar Rita Hunter (1933-2001), britisk songar Rita Tushingham (f. 1940), britisk skodespelar Rita Pavone (f. 1945), italiensk songar Rita Marley (f. 1946), jamaicansk songar, opphavleg Alva Rita Anderson Rita Dove (f. 1952), amerikansk diktar Rita Ottervik (f. 1966), norsk politikar
Annan bruk Asteroiden 1180 Rita Ekstremvêret Rita som ramma Noreg i desember 2007
Kjelder
behindthename.com
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Kortnamn