Portugal er eit land på Pyrenéhalvøya sørvest i Europa. Portugal grensar til Spania og har ei lang kystlinje mot Atlanterhavet. Øyane Madeira og Asorane høyrer òg til Portugal. Hovudstaden er Lisboa. Portugal dekker eit areal på 92 391 km² og har 10,28 millionar innbyggjarar (per juli 2019).

Historia til Portugal som sjølvstendig land strekkjer seg tilbake til Reconquista, og fastlandsdelen av Portugal har stort sett hatt dei same grensene sidan midten av 1200-talet. Landet har ei fortid som kolonimakt og herska mellom anna over Brasil og Mosambik, men har òg sjølv opplevd ytre påverkingar frå ulike folkeslag, som keltarar, fønikarar, romarar, visigotarar og maurarar. Portugal er ei av dei eldste statsdanningane i Europa. Portugal var den fyrste europeiske kolonimakta (frå 1400-talet) og den siste av desse som gav koloniane sjølvstende, med unntak av Brasil, som blei sjølvstendig i 1822.Wheeler (2010), s. 2 Frå 1400-talet var Det portugisiske imperiet eit av dei største i verda og omfatta blant anna Brasil, Portugisisk India og store område i Afrika. Rundt 1500 var Lisboa den største handelsbyen i verda. Portugal sitt grep om koloniane lausna gjennom den portugisiske kolonikrigen og den indiske anneksjonen av Goa i 1960- og 1970-åra. Deidelvis sjølvstyrte øygruppene Asorane og Madeira i Atlanterhavet er dei einaste gjenverande oversjøiske eigedomane til Portugal.

Oktoberrevolusjonen i 1910 gjorde Portugal til republikk, men frå 1926 var landet eit diktatur under António de Oliveira Salazar. Salazar sin Estado Novo varte ved til nellikrevolusjonen i 1974, og Portugal har sidan den gongen vore eit stabilt demokrati. Landet blei med i det dåverande EF i 1986, og blei med i euroarbeidet ved innføringa i 1999. Portugal er eit av dei opphavlege medlemslanda i NATO, blei med i FN i 1955, og er òg med i Samveldet av portugisiskspråklege land.

Etter den fyrste koloniseringsbølgja på 1400-1500-talet har Portugal lege bak resten av Vest-Europa i utvikling. Portugal hadde lenge den fattigaste og minst utdanna folkesetnaden i Vest-Europa. Landet har få naturressursar.

mini|venstre|Kart over Portugal.

Namn Namnet «Portugal» kjem frå det romerske stadnamnet Portus Cale, som var ein hamneby på staden der byen Porto ligg i dag. Namnet blei truleg fyrst nytta om grevskapet Portugal i området mellom elva Minho og Douro.Wheeler (2010), s. 1 Området kom under romersk påverknad kring 200 f.Kr. i samband med den andre punarkrigen, og i samband med dette blei den eldre kartagiske byen Cale omdøypt til Portus Cale. Gjennom folkevandringstida blei området vest på Pyrenéhalvøya kjent som Portucale, medan forma Portugal blei nytta frå 1000-talet.

Fram til 1714 var «Spania» berre ei geografisk nemning for Pyrenéhalvøya, inkludert Portugal. I ettertid har det blitt vanleg å nytta namnet «Spania» eller «dei spanske rika» om statsdanningane som dekka det same territoriet som Spania.

Geografi

Portugal ligg i det sørvestlege hjørnet av Europa og utgjør saman med Spania Pyrenéhalvøya. Det portugisiske fastlandet er forma omtrent som eit rektangel, med Atlanterhavet i vest og sør og Spania i nord og aust. Kystlinja mot Atlanterhavet er 837 km lang, medan nordgrensa og austgrensa mot Spania er høvesvis 336 og 839 km. Inkludert Asorene og Madeira har Portugal eit areal på 92 080 km². Det vestlegaste punktet på det portugisiske fastlandet er Kapp Roca på , og dette punktet er også det vestlegaste punktet på det europeiske fastlandet.

Hovudelva Tejo deler landet i to område som er ulike med omsyn til landskap, klima og vegetasjon. Nord for elva er det mest skogdekka høgland, medan landskapet sør for elva er lågt og bølgande. Det er få naturlege barrierar av tyding langs grensa mot Spania. Tejo har utspring i sentrale Spania. Den store munningen til Tejo dannar ei svært god hamn for Lisboa.

Dei største portugisiske byane er Lisboa, Porto, Coimbra, Braga, Faro, Portimão, Évora, Leiria, Beja, Viseu, Guarda, Guimarães og Bragança. Folk bur hovudsakleg langs kysten.

Landskapstypar og geologi Geografisk er Portugal eit heterogent land. Naturgeografien varierer mykje mellom dei ulike delane av landet, noko som igjen har bidratt til å forma lokalsamfunn og næringsliv. Nord for Tejo er landskapet dominert av fjellplatå, djupe elvedalar og ein del fjell. Sør for Tejo er landet flatare og mindre variert, med mest sletter og slakke åsar. Dei store elvane går stort sett frå aust til Atlanterhavet i vest. Kysten er litt over 800 km lang og er variert med både store klipper og skjerma sandstrender som langs Algarve. Det nordlege Portugal er eit fjellrikt område med mykje regn, og er karakterisert av mange små gardar og vinmarker. Det er her nasjonalstaten Portugal har opphavet sitt. I desse avsidesliggjande områda har folk rykte på seg for å vera hardtarbeidande, tradisjonalistiske og fromme katolikkar. Hovudelvane Douro og Tejo har opphav i Spania. venstre|mini|Eik i åker, typisk for landskapet i Alentejo i det sørlege Portugal. Det sentrale Portugal, mellom elva Douro og Tejo, har for det meste sanddyner og barskog langs kysten. Dette er område der fiske har vore den tradisjonelle næringsvegen. Lenger inn i landet er landskapet dominert av små og mellomstore gardar. Hovudstaden Lisboa ligg ved kysten i det sentrale Portugal, og står for mesteparten av industrien og handelen i landet. Den austlege delen av Portugal er eit framhald av det spanske platået (meseta), og over dette stikk det opp nokre fjellkjeder som Serra da Estrella. Portugal har meir lågland enn Spania, særleg i Alentejo. Kysten er generelt låg og flat med sanddyner.

Det sørlege Portugal blir kalla Alentejo og er dominert av åslandskap og sletter med store gods og landbruk i stor skala, der det mellom anna blir dyrka kveite.Dette området har tradisjonelt vore ein arnested for radikale politiske rørsler. Den sørlegaste regionen i landet er kjend som Algarve og består av svært tørre område. Dette er den delen av landet der den mauriske innverknaden er mest merkbar, både på den lokale arkitekturen og dialekten.

Geologisk er Portugal ein del av Det iberiske massivet. Landet dannar grensesona mellom det indre av Pyrenéhalvøya og kystslettene langs Atlanterhavet. Fjellområda i det nordlege Portugal tilhøyrer til den hercynske foldinga, som blei oppsprukken og forkastet i tertiær, medan senkingane har tertiære og kvartære avleiringar. Sørlege Portugal består av låge platå med skiferbergarter, kalk- og sandstein. Øygruppene Asorene og Madeira er av vulkansk opphav.

Klima Portugal utgjer den vestlege delen av Pyrenéhalvøya, og møter ofte lågtrykk frå Atlanterhavet om vinteren. Det meste av nedbøren fell i Portugal, og ikkje mykje går vidare til Spania i aust. Fjellområda i den nordlege halvdelen av Portugal forsterkar denne effekten. Enkelte av dei nordlege vêrstasjonane får like mykje nedbør om vinteren som vestkysten av Irland og Skottland, med snø i høgda. Lågtrykka streifar vanlegvis berre innom dei sørlegare områda, som Faro og Beja, og her regnar det gjerne berre eit par gonger i veka om vinteren. Vintertemperaturane langs kysten er om lag som langs kysten av Spania, men i fjella er det vesentleg kaldare.

Klimaet nord i Portugal er fuktig og mildt på grunn av Atlanterhavet. Sør i landet er det varmare, tørrare, og med milde vintrar.

Somrane har som regel fint vêr, medan Atlanterhavet av og til fører med seg litt fukt over land. Temperaturane når vanlegvis 24-30 °C på ettermiddagen langs kysten, medan det er litt lågare temperaturar i fjellområda. I den søraustlege delen av Portugal kan det derimot bli svært varmt, og Riodades målte ein gong 50 °C. Dei nordlege områda kan få ei og anna regnbye om sommaren, medan det stort sett er tørt lenger sør. Temperaturane er òg behagelege om våren og hausten, og nedbøren held seg på eit minimum frå mai til november. Lisboa har ein normal årsnedbør på 708 mm, og berre 17 mm av dette kjem i perioden juni-august. Porto, som ligg lenger nord på kysten, får derimot 1150 mm i året, medan Faro berre får 521 mm (7 mm frå juni til august).

Vegetasjon Vegetasjonen varierer på grunn av varierande klima og jordsmonn. I høgda i nord er bjørk, kastanje, eik og lønn vanleg, med bregnar og lyng på bakken – ein vegetasjon som liknar på den som finst i Nord-Europa. Ein god del av planteveksten er typisk for middelhavsområdet og dessutan ein del nordafrikansk vegetasjon. I sør er eukalyptus, korkeik og oliventre vanleg. I Alentejo finst det store sletter dekte med korkeik. Portugal har 30 % av førekomsten i verda av dette treslaget, og er den største produsenten i verda av kork. I sør veks typiske middelhavsurtar som rosmarin, timian og lavendel. I sør trivst også tropiske og subtropiske vekstar som fiken, mandel, sitron, appelsin og granateple. I nordlege og sentrale Portugal er det store skogsområde.

Historie Det har budd folk på den iberiske halvøya i over 30 000 år, og romerske og greske kjelder (som Herodot, Strabon, Avenius og Hecataeus av Miletus) kalla desse for iberarar. 210 f.Kr. kom romarane til området, og fekk etter kvart området under kontroll. Då romarriket fall på 400-500-talet, under folkevandringastida, kom fleire germanske folkeslag inn i landet. På 700-talet tok maurarane kontroll over store delar av halvøya. Kristne grupper erobra dei nordlege delane av Portugal på midten av 800-talet, men tok dei sørlege delane fyrst i siste halvdelen av 1300-talet. Frå maurarperioden er der fleire arabiske ord, til dømes arroz (‘ris’) og namn (til dømes Fatima og Algarve).

Portugal vart etablert som kongerike av Alfonso I i 1139, og framstod som ei sterk og uavhengig politisk eining fram til midten av 1500-talet. I 1580 kom det ein spansk invasjon leidd av Filip II, og Portugal vart då styrt av den spanske kongen gjennom ein personalunion. Frå 1640 vart så Portugal igjen eit sjølvstendig monarki.

Den spanske invasjonen sette ein stopp for oppdagingsperioden i portugisisk historie. 1400- og 1500-talet hadde nemleg vore prega av internasjonal sjøfart med store oppdagingar og med etablering av handelsstasjonar og koloniar. Portugal hadde etablert koloniar mellom anna i Brasil, Angola og Mosambik. Den nedgangstida Portugal, til liks med Spania, opplevde relativt sett i høve til dei nordlege delane av Europa, vart forsterka av den reføydaliseringa som skjedde på 1500- og 1600-talet.

På 1800-talet var der i Portugal politisk strid mellom reformviljuge og konservative grupper. Repubikanarane stod sterkt, og ein republikk vart etablert i 1910, to år etter at kongen og kronprinsen hadde vorte myrda. Men det var mykje politisk uro, og mellom 1910 og 1926 hadde landet 45 ulike regjeringar. I 1926 skjedde det eit militærkupp. Ein av dei som deltok då var António Salazar, fyrst som finansminister, og frå 1932 og 36 år framover som regjeringssjef. Salazar etablerte eit diktatur der han brukte familien som metafor for samfunnsstyringa: Han sjølv var «faren», medan den katolske kyrkja var «mora». Diktaturet vart styrta i nellikrevolusjonen i 1974 og demokratiske reformer tok til. I 1975 fekk til dømes kvinner røysterett.

I 1986 gjekk Portugal inn i EU. Landet har nytt godt av ulike støtteordningar frå EU, og hatt ein ikkje uvesentleg økonomisk vekst dei siste tiåra.

Forhistorie mini|Hispania etter Diokletian si reorganisering 298 e.Kr. Iberarar er den eldste kjende folkegruppa i Portugal. Rundt år 400 f.Kr. innvandra keltiske stammar til området.

Fønikiske og greske handelsstasjonar voks fram rundt munningen av Tejo. Frå 200 f.Kr. erobra romerske styrkar den sørlege delen av dagens Portugal. Etter å ha sigra over Kartago heldt romerske styrkar fram med å erobra områda nord for Tejo. I Romartida utgjorde Den iberiske halvøya, Hispania, eit rike der Lusitania var ein provins. Då Romarriket gjekk i oppløysing i folkevandringstida fortsette ein å nytta det latinske språket på halvøya. Germanske stammar inntok Portugal, som rundt år 400 blei ein del av det vestgotiske riket.