Edgard Victor Achille Charles Varèse () ofte kjend som Edgar Varése, var ein fransk-amerikansk moderne komponist. Han etterlét seg eit mindre verk (til saman rundt tre timar), men er blitt rekna blant dei viktigaste komponistane frå 1900-talet, og er blitt rekna som ein opphavsmann til elektronisk musikk.

Varèse sin musikk vektlegg rytme og klangfarge. Han tok for alvor i bruk støylydar og gav dei ei sentral plassering i verka sine. På denne måten førebudde han bruken av dei nye elektroniske instrumenta i den klassiske musikken. Varese såg på musikk som organisert lyd, der alle lydar kunne nyttast i komposisjonsprosessen. Rytmikken blei det viktigaste elementet i musikken, og slagverksfamilien har ein sentral plass. Dette kjem særleg fram i det mest kjente verket hans, Ionisation (1931). Orkesteret han nyttar i denne komposisjonen, består av 13 musikarar som alle spelar ulike slagverksinstrument, til saman 37 instrument, i tillegg til to sirener.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Edgard Varèse» frå , den 5. august 2009.

Denne artikkelen bygger på «Edgard Varèse» frå , den 5. august 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Franske komponistar Kategori:Moderne komponistar