Wii Play er eit samværspel for Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut på same tid som då Wii-konsollen vart lansert i Japan, Australia og Europa. I Nord-Amerika vart spelet lansert i februar året etter. Spelet blir rekna som ein del av Wii-serien, og til kvart eksemplar av spelet følgjer det med ein Wii-fjernkontroll. Den 31. mars 2009 hadde Wii Play selt 22,98 millionar eksemplar globalt.
Oppsett Wii Play er ei samling av ni ymse spel, utforma for å demonstrere mange av funksjonane Wii-fjernkontrollen tilbyr. Alle dei ni spela kan bli spelte av opp til to spelarar. Det er berre eit spel tilgjegeleg for ein å spele når ein spelar Wii Play for første gong, men ein kan låse opp nye spel ved å prøve dei spela som alt er tilgjengelege. Spelet er bygd opp slik at spela gradvis blir meir utfordrande, i hovudsak ved at nye funksjonar hjå Wii-fjernkontrollen etter kvart blir introduserte og brukte i spela.
Det held med ein Wii-fjernkontroll for at ein skal kunne manøvrere alle dei ni spela i Wii Play, men ein kan nytte nunchuken i spelet «Tanks!» om ein vil det. Spelarane lagar eigne profilar ved å knyte Mii-figurar til spelet, og kan såleis tevle seg i mellom om rekordar i dei ni spela. Spelet lagrar dei fem beste personlege resultata i alle spela, og om ein spelar greier å få ein ny pers sender spelet ei melding om dette til Wii-menyen. Wii Play lønnar ein med medaljar om rekordane i spela er gode nok, og avhengig av bragda kan ein vinne medaljar i bronse, sølv, gull eller platina i alle dei ni spela.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Wii Play på Nintendo.no
Kategori:Dataspel frå 2006 Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Selskapsspel Kategori:Wii-spel