mini|høgre|«Den gamle verda» markert i grønt og «den nye verda» pluss Oseania i grått. «Den gamle verda» er eit omgrep som blir bruka for å nemne delane av jorda som europearane kjente før Kristoffer Columbus seglde til Amerika i 1492, det vil seie Europa, Afrika og Asia.

Motsettinga er «den nye verda» som femnar om Nord-Amerika og Sør-Amerika.

Australia og Antarktis blei ikkje inkludert i omgrepa fordi desse kontinenta var ukjente i Europa då dei to omgrepa oppstod. Tidlegaste kjente bruk av omgrepet «den nye verda» er frå 1500-talet då Pietro Martire d'Anghiera skreiv om Amerika.

Kjelder

Artikkelen «Alte Welt» i Wikipedia på tysk den 16. august 2009 Artikkelen «Den nye verda» i Store Norske Leksikon den 16. august 2009

Kategori:Europeisk kultur Kategori:Afrikansk kultur Kategori:Asiatisk kultur Kategori:Samfunnsgeografi Kategori:Oppdagingstida Kategori:Kulturelle regionar