Slåtthaug ungdomsskole er ein ungdomsskule i Bergen kommune. Han ligg i Slåtthaugvegen i bydelen Fana, sør for tettstaden Nesttun. Skulen har plass til 500 elevar frå barneskulene Kaland, Midtun, Smørås og Ulsmåg. Skulen ligg like ved Slåtthaug videregående skole. Han ligg og i nærleiken av idrettshall, symjehall, isbane og fotballbane.
Skulen vart oppført i 1970, teikna av Arne Halvorsen. Skulen har i dag om lag 500 elevar og 50 tilsette.Slåtthaug skole - Internettopplysningen. Henta 23. august 2009.
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kjelder
Kategori:Ungdomsskular i Bergen Kategori:Skular i Fana Kategori:Skipingar i 1970