«In My Room» er ein song skriven av Brian Wilson og Gary Usher for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut på albumet Surfer Girl 1963. Seinare same året kom han ut som B-side til singelen «Be True to Your School». Singelen nådde sjetteplass i USA. Ei utgåva av songen av Sagittarius, bandet til Usher, nådde 86. plass i 1969.

Låtskrivinga

Gary Usher skreiv delar av teksten i lag med Brian Wilson, medan Wilson skreiv heile melodien.

Brian Wilson har forklart at det er ei soge bak songen. Då han og brørne Dennis og Carl budde i Hawthorne som born, søv dei alle i same rom. Ein kveld song han songen «Ivory Tower» til dei og dei likte det. Eit par veker seinare lærte han dei å synge harmonivokalar til songen. Dei song denne songen kveld etter kveld, og gav dei ro. Då dei spelte inn «In My Room» var det berre Dennis, Carl og Brian på førsteverset. I følgje Brian høyrdest dei akkurat ut som dei gjorde på soverommet sitt alle dei kveldane.

Musikarar Brian Wilson: solovokal, bass Mike Love: korvokal, solovokal (mellomspel) Carl Wilson: korvokal, gitar Dennis Wilson: korvokal, trommer Al Jardine: korvokal David Marks: gitar

Ettermæle «In My Room» låg på Billboard Top 100 i 11 veker og nådde 23. plass i 1963.Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2006 ISBN 0-89820-172-1 og ISBN 978-0-89820-172-7 Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 212. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2010. David Crosby frå The Byrds og Crosby, Stills & Nash (and Young) har fortalt at han er stor tilhengjar av songen, og at då han høyrde songen første gongen så ville ha gje opp med musikk fordi han aldri kom til å klare å gjere det same. Han song nettopp denne songen på ei hyllest konsert til Brian Wilson i lag med Jimmy Webb og Carly Simon. John Cale valde ut songen på radioprogrammet Desert Island Discs.

Bakgrunnsstoff Greg Panfile sin musikalske analyse av «In My Room»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «In My Room» frå , den 25. august 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:The Beach Boys-songar 212 Kategori:Songar skrivne av Brian Wilson Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar produserte av Brian Wilson Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Grant Lee Buffalo-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Tammy Wynette-songar Kategori:David Crosby-songar Kategori:Carly Simon-songar Kategori:Jimmy Webb-songar Kategori:Vince Gill-songar Kategori:Lisa Loeb-songar