«Do You Wanna Dance?» er ein song skriven av Bobby Freeman frå 1958. Songen er òg populære i ei utgåve av the Beach Boys frå 1965 og i ei utgåve av Bette Midler frå 1972. The Ramones spelte òg songen på Rocket To Russia og It's Alive.

The Beach Boys-utgåva

«Do You Wanna Dance?» var ein singel gjeven ut av The Beach Boys i 1965 på Capitol Records. Han nådde 12. plass på Billboardlista og det var den høgaste plasseringa dei klarte med sin song der Dennis Wilson song solovokal. B-sida på singelen var «Please Let Me Wonder». Songen vart òg gjeven ut på albumet deira The Beach Boys Today! same året.

Medverkande The Beach Boys Al Jardine - korvokal Mike Love - korvokal Brian Wilson - piano, korvokal Carl Wilson - gitar, korvokal Dennis Wilson - solovokal Andre musikarar Hal Blaine - trommer, treblokker Steve Douglas - tenorsaksofon Plas Johnson - tenorsaksofon Larry Knechtel - bassgitar Jay Migliori - baritonsaksofon Bill Pitman - gitar Leon Russell - orgel Billy Strange - mandolin Tommy Tedesco - mandolin Julius Wechter - paukar, tamburin Marilyn Wilson - korvokal

Bette Midler-utgåva Bette Midler spelte songen, kalla «Do You Want to Dance» på albumet The Divine Miss M i 1972. Midler tok tempoet ned og gjorde songen om til ein ballade. Midler gav songen ut på singel og denne utgåva nådde 17. plass i USA tidleg i 1973.

I 1985 song Ula Hedwig ein Bette Midler-liknande utgåva av songen i ein reklame for Ford Lincoln Mercury.

Andre utgåver 1960s Eddie Cochran spelte inn ei utgåva av songen like før han døydde 1962 - Cliff Richard, b-side til «I'm Lookin' Out the Window» 1964 - Del Shannon 1965 - The Beach Boys, opningssporet på The Beach Boys Today!. 1966 - The Mamas & the Papas - debutalbumet If You Can Believe Your Eyes and Ears. * 1966 - Johnny Rivers på albumet Changes 1970-åra 1974 - Hurriganes 1975 - John Lennon på albumet Rock 'n' Roll. 1975 - T. Rex - bonusspor på albumet Bolan's Zip Gun. 1977 - The Ramones på albumet Rocket to Russia. 1978 - Ray Stevens på albumet There is Something on Your Mind. 1980-åra Han vart spelt på konsertar under rockabilly-perioden til Neil Young i 1983. 1987 - Barbie i fjernsynsshowet hennar. 1988 - David Lindley og El Rayo-X på deira Very Greasy 1988 - Ei svensk utgåve med tekst av Keith Almgren, kalla «Säg, får jag lov min vän» vart spelt inn av Tonix på albumet Bugga loss. 1990-åra 1996 - Petty Booka på albumet Blue Lagoon of Petty Booka. 1998 - The Queers på eit hyllestalbum til Ramones, Rocket To Russia. 1998 - Jazz-saksofonisten Walter Beasley på albumet For Your Pleasure. 1998 - Attaque 77 på albumet Otras Canciones; utgåva var på spansk. 2000-åra 2006 - Laurent Voulzy på albumet La Septième Vague 2008 - Energy på albumet Race the Sun. 2008 - Andreas Johnson på albumet Rediscovered.

Norsk utgåve Robert Skrolsvik skreiv ein norsk tekst til songen for Bjelleklang kalla «Få'jæ lov» i 2009.

Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Bette Midler-songar Kategori:Ramones-songar Kategori:Bobby Vee-songar Kategori:The Shadows-songar Kategori:Del Shannon-songar Kategori:The Four Seasons-songar Kategori:The Challengers-album Kategori:The Mamas & the Papas-songar Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:We Five-songar Kategori:Jigs-songar Kategori:John Lennon-songar Kategori:Björn Skifs-songar Kategori:Carola Häggkvist-songar Kategori:Jahn Teigen-songar Kategori:Brødrene Olsen-songar